Hopp til innhold

Høyrt om Amalie Lam, Honning Makrell og Frode Grøten?

Christian såg plutseleg favorittforfattaren sin i ein gryterett på jobb. De gav han ideen som no er blitt bok med 100 portrett med forfattarar. Av mat.

Christian Kjelstrup
Foto: Anders Ekanger / NRK

– Eg hadde ei slags religiøs openberring på jobb. Eg såg ansiktet til favorittforfattaren min Fernando Pessoa i ei pølsegryte i kantina ein fredag.

Det førte til ein sterk skapartrong for forlagsredaktør Christian Kjelstrup, eller Ketsjup som han også kallar seg.

– Eg tok med meg nokre pølser inn på kontoret, lukka døra, og laga eit pølseportrett av Fernando Pølsoa, eller Pessoa som han eigentleg heiter.

Fredagstradisjon på Facebook

Han la meisterverket ut på Facebook, og fekk enorm respons.

– No er det blitt ein tradisjon at eg kvar fredag legg ut eit bilde av ein forfattar laga av ingrediensar som rimar på, eller minner om namnet på forfattarar.

– Jo Nesbø blir til dømes Masjonesbø av majones, og Ingvar Ambjørnsen til Piggvar Ambjørnsen av piggvar.

Ari Bein

Ari Behn blir portrettert som Arib Bein, av nettopp bein.

Andre forfattarar som er blitt foreviga i etande form er Knut Pærum og Spaghetti med Tomatknaus. Portretta er no blitt til boka «Uroens kokebok».

Skal laga verdas største «Frode Grøten»

– I morgon skal me prøva å laga verdas største Frode Grøten på Litteraturhuset i Bergen. Ein del forfattarar skal lesa jula inn, og saman med publikum skal me laga dette portrettet. Frode Grytten kjem sjølvsagt også.

Frode Grøten

Her har forfattaren frå Odda, Frode Grytten, blitt til Frode Grøten.

Foto: Christian Kjelstrup

Kva forfattar har det vore mest utfordrande å laga?

– Eg har til dømes laga den bergenske forfattaren Anders Ravatn i sjokoladepulver, Agnesquik Ravatn. Eg lagar dei ofte om natta, fordi eg er oppteken med ungane og jobb om dagen.

– Eg sat klokka to om natta og så måtte eg plutseleg nyse, eg naus utover heile Ravatn, og ho vart spreidd utover heile fjøla. Eg måtte byrja heilt må nytt att, det var utruleg keisamt.

I boka så nøyer han seg ikkje med portrettar,

– Ved sidan av kvart bilde så har eg ein tekst av kvar forfattar. Eg vil prøva å vekka appetitten hjå lesarar som forfattarane vanlegvis ikkje når fram til, så her gjer eg det litt uhøgtidleg

Smaksprøvar for dottera

Men mat skal jo etast, og nokon må også smaka på kunstverka. Til det har Christian Kjelstrup dottera Kornelia.

Christian Ketsjup

Sjølvportrett av Christian Ketsjup.

Foto: Christian Kjelstrup

– Eg har smaka på mange av dei, både Franz Kaka og Tom Eggeland. Dei var gode, hevdar Cornelia.

Ho er for det meste fornøgd med prosjektet til faren.

–Det er jo litt rart, men det er veldig gøy at han lagar dei synest eg.

Innspurten for å få alt ferdig har vore intens.

– Eg har stått opp om natta for å få ferdig boka, og for å klara å laga 100 portrett. Det høyrest ikkje so bra ut med 77. Det blir meir som ei dårleg vitsebok, meiner Kjelstrup.

Alt nattarbeidet gjer at han treng ein god juleferie for å bli inspisert på nytt.

– Eg har tankar om å laga portrett av politikarar også; Jan. P. Hyse, Erna Solbær, og Tilslørte Bondeviker freistar å lage. Me får sjå til neste år, seier han med eit smil.