Hovudredningssentralane manglar folk: – Svært urovekkande

Gjentatte gonger har dei to hovudredningssentralane bede regjeringa om fleire stillingar. No er dei uroa for framtida om ikkje pengane kjem på bordet.

Redningshelikopter fra Hovedredningssentralen

TRENG FLEIRE: Hovudredningssentralen må ha fleire folk i det operative støtteapparatet. Leiarane er uroa for framtida. Her er eit redningshelikopter ute på eit oppdrag på Radøy i 2017.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Årsrapporten 2018 for hovudredningssentralane (HRS) vart offentleggjort onsdag. Der er det klar tale frå leiinga.

Dei understrekar at dei treng fleire folk i det operative støtteapparatet for å «sikre en fortsatt forsvarlig ivaretakelse av Hovedredningssentralenes samfunnsoppdrag.»

Dei to politimeistrane som er leiarar for HRS Nord og HRS Sør skildrar korleis redningsleiarane som har døgnkontinuerleg vakt blir pålagt for mange arbeidsoppgåver:

  • Redningsleiarane kan ikkje fullt og heilt konsentrera seg om jobben med å koordinera og styra pågåande redningsaksjonar.
  • Dei same folka må også jobba med langsiktige samarbeidstiltak mellom naudetatane og frivillige organisasjonar.
Hovedredningssentralen Nord-Norge

ARBEIDSPRESS: Leiarane for hovudredningssentralane i Bodø (biletet) og på Sola er svært bekymra for at regjeringa ikkje løyver pengar til fleire stillingar ved sentralane.

Foto: Ole-Fredrik Lambertsen / NRK

Ekstraoppgåver gir press

For fire år sidan vart hovudredningssentralane pålagt eit såkalla pådrivaransvar overfor alle instansar som er involvert i redningstenesta.

– Styremaktene har avgjort at me skal vera ein pådrivar for samvirket mellom dei offentlege, private og frivillige delane av redningstenesta. Me kunne gjort den jobben betre om me hadde fleire folk, seier politimeister Hans Vik i Sørvest politidistrikt til NRK.

Han er ansvarleg for HRS på Sola.

– No må både redningsleiarane som går vakt, og me i administrasjonen, ta den oppgåva. Det blir meir press på personellet, og mindre effektivt. Dette er eit ressursbehov me har diskutert med Justisdepartementet ein del gonger og no igjen minner om, seier Vik.

Politimester Hans Vik i Sør-vest politidistrikt

BEKYMRA: Politimeister Hans Vik i Sørvest politidistrikt er leiar for Hovudredningssentralen på Sola.

Foto: Politiet

– Svært urovekkande

Han er på linje med kollega politimeister Tone Vangen i Nordland, som har ansvar for HRS i Bodø.

Ei rekke gonger har dei signalisert overfor departementet at dei treng fleire stillingar for å ta seg av denne oppgåva, utan å få gjennomslag.

I årsrapporten (ekstern lenke) skriv dei at dei fryktar for konsekvensane:

«På sikt er vi redd for at dette fører til en svekkelse av samvirkeprinsippet i redningstjenesten.»

Dei peikar også på at gjennomsnittsalderen blant redningsleiarane er høg.

Det tar om lag to år å få autorisasjon som redningsleiar.

Fordi mange kan gå av med pensjon dei neste åra, meiner politimeistrane det er naudsynt å ha ei viss overbemanning for å vera sikra at ein har nok redningsleiarar i framtida.

Redningsaksjon Northguider

DRAMATISK: I romjula gjekk trålaren «Northguider» på grunn og tok inn vatn nord på Svalbard, hundrevis av kilometer frå Longyearbyen. Dei 14 om bord måtte venta halvannan time før redningshelikoptera kom og plukka dei opp.

Foto: Lufttransport

Manglar helikopter

Personellmangelen er ifølgje årsrapporten også er ei årsak til at nye redningshelikopter er forseinka.

«Det har i 2018 fortsatt vært vanskelig for HRS å komme i inngrep med forberedelsene til innføringen av nye redningshelikopter. Årsaken til dette baserer seg hovedsakelig på manglende personellressurser for oppfølgning».

Vidare peikar leiarane på mangel på helikopterkapasitet i Kystvakta, som igjen gir redusert redningsberedskap i HRS sitt redningsansvarsområde.

HRS-leiarane peikar på auka aktivitet innan turisme, fiskeri og petroleumsverksemd langs kysten. Det gir større risiko for ulukker, meiner dei.

«Dette er meget bekymringsverdig, og HRS vil uttrykke en sterk anbefaling for at kompenserende tiltak for opprettholdelse av adekvat redningsberedskap snarest iverksettes.»

Søk i valresultata

valg-dekorasjon