NRK Meny
Normal

Hordfast vil øydelegga trua natur – no vurderer regjeringa naturreservat

Den ferjefrie firefelts motorvegen som er planlagt mellom Bergen og Stavanger vil blant anna øydelegga sjeldan regnskog på Tysnes. No vurderer regjeringa for første gong å erstatta tapte område.

Hordfast-illustrasjon ny

TRUANDE: Hordfast mellom Bergen og Stavanger kan få store konsekvensar for trua natur på Vestlandet.

Foto: Illustrasjon / Statens Vegvesen

Regjeringa og Statens Vegvesen har tidlegare fått kritikk for å legga Hordfast gjennom verdifull natur, blant anna den sjeldne regnskogen på Tysnes. Ein skogstype som berre finst i Hordaland og Rogaland, og som er rekna som sterkt trua.

I eit brev sendt frå Klima- og miljødepartementet 29. juni, argumenterer departementet for første gong for at det trengst ein heilskapleg analyse av kva konsekvensar Hordfast vil ha for naturen langs strekninga Bergen-Stavanger.

Departementet føreslår også at Fylkesmannen i Hordaland skal forma ut ein verneplan.

Eineståande natur på Tysnes

Fylkesmannen i Hordaland har lenge meint at Hordfast kjem til å øydelegga så mykje natur på Reksteren i Tysnes kommune at det blir nødvendig å verna såkalla økologiske kompensasjonsområde.

– Det vil seia å finna andre område der ein kan sikra tilsvarande naturverdiar, og då gjerne i nærleiken av der eit inngrep skal skje, opplyser seksjonsleiar Steinulf Hoel i Miljødirektoratet.

– Ut ifrå det me har sett så langt ville det ikkje vore noko stor overrasking om dette tiltaket må bli brukt på Reksteren, seier miljøvernsjefen hos Fylkesmannen, Kjell Kvingedal.

Han viser til ulike lav og moseartar som ikkje finst nokon annan stad i verda, berre i dei svært fuktige skogsområda på Reksteren i Tysnes kommune. Dette er landskap med regnskog, sumpskog og kystmyr.

Mykje av dette skal etter planen bli rasert av ein firefelts motorveg, men ting ser litt lysare ut etter at Klima- og miljødepartementet har tatt til orde for ein verneplan.

Gå til forsiden

Regnskog i Tysnes kommune

Gul pærelav

Regnskog i Tysnes kommune

5 bilder

REGNSKOG: Dette er noko av det som står på spel i Tysnes kommune.

    – Bør vera med frå starten

    Kjell Kvingedal seier at landskapsvern er viktig for å hindra ytterlegare skade etter at Hordfast eventuelt blir bygd. Han peiker på at ein ved å bygga vegen gjennom verdifulle naturtypar også aukar presset for meir utbygging på resterande naturtypar i området rundt.

    – Derfor kan eit tiltak vera at dei attståande områda blir verna som naturreservat og slik blir beskytta i framtida.

    Kjell Kvingedal

    KRITISK: Kjell Kvingedal hos Fylkesmannen meiner at økologisk kompensasjon burde vore med i planen frå starten av.

    Foto: Privat

    Kvingedal meiner at økologisk kompensasjon er eit verkemiddel som bør vera med i ei slik planlegging frå starten av, og peiker på at Fylkesmannen tok dette opp tidleg.

    Klima- og miljødepartementet har tidlegare meint at det har vore for tidleg å planlegga slike kompensasjonsområde. Dei svarte at dei skulle komma tilbake til om det blei nødvendig når den endelege kommunedelplanen er klar.

    No innrømmer departementet at ein bør vurdera slik kompensasjon parallelt med at ein planlegg store samferdsleprosjekt.

    – Me har eit moralsk ansvar for å ta vare på denne typen skog. I tillegg til at sjølve skogstypen er såpass spesiell, så gir den livsrom til mange artar der fleire er på den norske raudlista over truga artar, seier personleg rådgjevar Thor-Arne Englund i Miljødepartementet.

    Siste video

    Programleder: Mariann Reikerås
    programleder Mariann Reikerås
    Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.