Hopp til innhold

Hordaland mest "lønsam" for staten

Staten tener godt på fartssyndarar i Hordaland. I fjor håva dei inn heile 32 millionar kroner på råkøyringa i fylket.

Tatt i fotoboks i 190 km/t i Bømlafjordtunnelen

Dei største fartssyndarane i Hordaland er alle tatt i Bømlafjordtunnelen på E39. Her køyrer ein mann i 190 km/t.

Foto: Politiet

Bilistar frå Hordaland betalte flest kroner til statskassa for å ha køyrt for fort i 2009.

Det viser ei gjennomgang NRK har gjort.

I fjor blei over 15 000 forenkla førelegg vedtatt, og til saman betalte fartsyndarane nær 32 millionar kroner til staten.

(Saka held fram under grafane)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Inntektene bør øyremerkast

Arne Aase

Arne Aase, leiar i Hordaland Trygg Trafikk, meiner inntektene frå fotoboksar bør gå til trafikksikring.

Foto: Aleksander Vallestad/NRK

Arne Aase, leiar i Hordaland Trygg Trafikk, er ikkje overraska.

- Folk i by og på bygd er ofte stressa når dei køyrer bil, og dei gjer veldig mykje anna enn å konsentrera seg om det som skjer i trafikken, seier Aase.

I dag går alle inntektene frå fotoboksane rett inn i statsbudsjettet. Aase meiner staten heller bør øyremerka pengane til trafikksikring.

- Pengane bør gå til trafikktrygging.

Tore Høyland

Tore Høyland, senioringeniør i Statens Vegvesen.

Foto: Aleksander Vallestad/NRK

Då tenkjer ein alltid at ein må byggja eit eller anna, men det er veldig mykje haldningsendrande arbeid som bør gjerast, seier Aase.

Vil verka positivt inn på ulukkestala

Tore Høyland, senioringeniør i Statens Vegvesen, er einig.

- Det er viktig begge delar, og me ser at eit godt samspel i trafikken fører til færre ulukker. Så klarar me å få det samspelet til å fungera bra, så verkar det positivt inn på ulukkestala også, meiner Høyland.

Dei førebelse tala for 2010 kan tyde på ei nedgang i talet på vedtatte førelegg, med 9000 i oktober.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kva meiner du burde gjerast med inntektene frå fotoboksane?