NRK Meny
Normal

Denne kommunen kan snart vere ut av «svartelista»

Innan neste år kan alle kommunane i Hordaland vere i økonomisk balanse. Stord og Osterøy er meir enn klare til å komme seg av Robek-lista.

Bruvik på Osterøy

SNART FRISKMELD? Osterøy kommune, her representert ved Bruvik-bygda, håper å vere ute av den økonomiske svartelista neste sommar.

Foto: Odd Roar Aalborg / Wikimedia Commons

I dag er det berre to hordalandskommunar, Stord og Osterøy, som må slite med ei plassering på Robek-lista, «svartelista» for kommunane i Noreg med økonomiske vanskar.

Osterøy

OSTERØY: Går alt etter planen vil ostringane komme seg av Robek-lista i juni 2015, ifølgje rådmann Odd Ivar Øvregård.

Foto: Landssamanslutninga av nynorskkommunar / CC

Å vere oppført på Robek-lista betyr meir for ein kommune enn berre ei uheldig plassering. Er ein registrerte der får ein ikkje ta opp lån utan godkjenning frå Kommunaldepartementet.

Det er eit hinder for kommunane, og både Stord og Osterøy er ivrige på å komme seg ut.

– Kjem me oss av lista vil folk merke det ved at me får sett i gong ei rekkje prosjekt me har venta på ein del år. Me vil mellom anna starte planane med nye Stord ungdomsskule som me har venta på lenge, seier rådmann i Stord kommune, Magnus Mjør.

Har innført eigedomsskatt

Magnus Mjør

STORD: Stord kommune innførte mellom anna eigedomsskatt på hytter og hus for å betre den økonomiske situasjonen i kommunen, seie rådmann Magnus Mjør.

Foto: Kristine Kongsvik / NRK

Tidlegare i år har både Kvinnherad og Meland kommune komme seg av Robek-lista. Sommaren 2015, håpar både Stord og Osterøy å ha lagt tida på lista bak seg.

Dersom ikkje nye kommunar kjem til, vil alle kommunar i Hordaland vere i økonomisk balanse i juni neste år.

Stord kommune har slite hardt for å få økonomien på rett kjøl, seier Mjør.

– Det har me gjort ved ein kombinasjon av stram drift og avgrensa låneopptak. Me har også innført eigedomsskatt på hytter og hus.

Skulle dei klare å dekke inn underskotet og komme seg ut av Robek-lista til neste år, er planen klar. Då skal det bli planlagd ny ungdomsskule på Stord.

– Beinhardt arbeid

Odd Ivar Øvregård

HAR KOSTA: Å jobbe for å komme seg av«svartelista» i 2015 har vore beinhardt arbeid, seier rådmann i Osterøy kommune, Odd Ivar Øvregård.

Foto: Siri Løken / NRK

Å jobbe for å komme seg av«svartelista» i 2015 har vore beinhardt arbeid, seier rådmann i Osterøy kommune, Odd Ivar Øvregård.

– Det ser ut til at me er veldig nære på komme oss av lista ved slutten av året. Om me klarar det er avhengig av kva dei finn på Stortinget, seier Øvregård.

Også i Osterøy har kommunen innført eigedomsskatt for å få økonomien på stell. Det har auka inntektene, seier rådmannen.

– Me har arbeida for å få ei sunnare drift, og dette gjev oss også moglegheita til å utvikle oss vidare. Kjem me av lista får me moglegheit til å gjere meir for at Osterøy skal bli slik me vil.

Lista med ønsker for framtida til Osterøy er alt klar.

– Me satsar mellom anna på å bygge ut skule og barnehagar og å bygge ut sentrum for å gjere det godt å bu og leve i kommunen, seier Øvregård.