Hopp til innhold

Her døyr flest på vegane

Til no i år har åtte personar mista livet på vegane i Hordaland. Det er tre fleire enn på same tidsrom i fjor, og dobbelt så mange som neste fylke på lista.

Trafikkulukke i Fusa

– FRYKTELEG UTVIKLING: Det seier Arne Aase i Trygg Trafikk. Til no i år har åtte personar mista livet på vegane i Hordaland, mot fem i fjor.

Foto: Vegard Strønen / Varde Film & Media

– Det har vore ein frykteleg utvikling til no i år. Vi er skuffa over at tala går opp og ikkje ned, seier distriktsleiar Arne Aase i Trygg Trafikk Hordaland til NRK.no.

I ei pressemelding skriv Trygg Trafikk at Hordaland framleis er på ulukkestoppen.

Det er dobbelt så mange som har mista livet på vegane i vestlandsfylket, enn i Nordland som er neste fylke på lista med fire omkomne.

Nedgang i landet

Samstundes går talet ned på landsbasis.

I heile Norge har 36 personar mista livet i trafikkulukker, mot 39 i 2012.

– Det har vist seg i mange år at Hordaland har vore eit «stikk motsett fylke», meiner Aase.

Arne Aase

UROA: Distriktsleiar i Trygg Trafikk Hordaland, Arne Aase, er uroa over utviklinga.

Foto: Aleksander Vallestad/NRK

Han seier at dei skiftande køyreforholda i fylket gjer det krevjande for bilførarar.

– Det har vore fine tørre parti på vegane, men med plutselege glatte parti. Folk må tilpassa køyringa si, seier Aase og ber om at folk passar farten.

– Vi har vel sjeldan hatt ein så fæl start på året som vi har hatt i år. Vi håpar verkeleg at folk tar forholdsreglar slik at sommaren og hausten vert betre, avsluttar Aase.