Hopp til innhold

Hordaland fylkeskommune får 100 millionar kroner mindre

Hordaland fylkeskommune må klare seg med 100 millionar kroner mindre om fem år. Det kom fram då regjeringa i dag presenterte kva kommunane kan vente seg økonomisk dei neste åra.

Tom Christer Nilsen

FÅR 100 MILLIONAR MINDRE: – Eit slikt kutt gjer det vanskelegare å finansiere kollektivtrafikk og vidaregåande skular, seier fylkesordførar i Hordaland Tom-Christer Nilsen.

Då kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i dag la fram regjeringas kommuneproposisjon blei det klart at fleire fylkeskommunar må greie seg med langt mindre inntekter framover.

Hordaland fylkeskommune kjem til å få om lag 100 millionar kroner mindre i inntekter dei neste fem åra.

Fylket vil ikkje få mindre pengar det fyrste året, men etter det mister Hordaland fylkeskommune om lag 25 millionar kroner i året i fire år på rad.

Fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nielsen er ikkje spesielt fornøgd med dei varsla endringane.

– Det er litt tidleg å seie heilt sikkert kva konsekvensar dette kjem til å få, men det ser ut som om dette kan få betydelege negative følgjer for Hordaland.

Hordaland fylkeskommune har ansvar for fylkesvegar og kollektivsektoren, vidaregåande skular, kultur, næringsutvikling i regionen og tannhelseteneste. Dei er også eigar av Skyss og Bybanen AS.

Nilsen vil ikkje seie noko om kvar fylkeskommunen må kutte, men seier det sjølvsagt vil gå utover områda fylkeskommunen har ansvar for.

– Eit slikt kutt gjer det vanskelegare å finansiere kollektivtrafikk og vidaregåande skular.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane taper 235 mill. - NRK – Sogn og Fjordane

– Skal jamne ut skilnaden mellom fylka

Johnny Stiansen
Foto: Hordaland fylkeskommune

Dette er ein måte å jamne ut skilnadane mellom fylka, seier fungerande fylkesrådmann i Hordaland Johnny Stiansen.

– Alle fylka skal ha like føresetnader for å drive skule, tannhelseteneste, kollektivtransport og så vidare.

Han nyttar dei vidaregåande skulane som eit eksempel.

– Med den nye ordninga får fylka meir pengar jo fleire ein har i aldersgruppa 16–19 år. Skuleverket er ei stor utgift og difor skal no dei fylka som har mange vidaregåande elevar i sitt fylke få meir.

Han seier kommunane i heile landet til saman ikkje kjem til å få mindre pengar.

– Det blir same sluttsum på heile landet. Men den nye måten å gjere det på skal vere riktigare ut frå dei utgiftene dei enkelte fylka har. Den nye ordninga skal jamne ut skilnadane mellom fylka.

– Det blir utfordrande for Hordaland, det er det ingen tvil om, seier Stiansen.

Les heile kommuneproposisjonen her

Vil prøve å få redusert kutta

Fylkesordførar Tom Christer Nilsen meiner inntektstapet vil bli for stort for Hordaland fylkeskommune.

– No vil eg bruke tid på å setje meg inn i kva som er bakgrunnen for desse kutta og argumentere for at dette må endrast slik at me ikkje får eit tap, seier Nilsen.

Han seier fylkeskommunen har vore klar over at ei slik endring kom til å komme.

– Endringa har vore varsla i ti år. Men den får for store utslag for oss til at eg kan vere nøgd.

Fylkeskommunen vil no ta kontakt med Stortinget og kommunalministeren for å prøve å få redusert inntektstapet.