Hopp til innhold

- Eg er glad for at han lærte meg å ta dei svake sitt parti

Då SV-politikar Heikki Holmås skulle velje seg ein forfattar å intervjue, valde han pappa Stig Holmås.

Då SV-politikar Heikki Holmås skulle velje seg ein forfattar å intervjue, valde han pappa Stig Holmås.

SJÅ VIDEO: Heikki Holmås intervjuer sin far

Litteraturhuset i Bergen har på sin eigen måte markert at valkampen er i gang. Dei inviterer toppolitikarar, som skal ha med seg ein forfattar dei skal samtale med.

I går kveld var det utviklingsminister Heikki Holmås sin tur. Då han vart spurt, stod valet mellom Jo Nesbø, Per Petterson og faren Stig Holmås. Valet falt på mannen som har betydd mest for han. Pappa.

– Forfattarskapen hans har følgt livet mitt, og det syns eg er gøy å dele med andre, seier Heikki.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heikki Holmås og Stig Holmås

HALDNINGAR I ARV: Heikki Holmås har tatt med seg mange haldningar heimanfrå.

Foto: Turid Rogne / NRK

Engasjement i arv

Stig las tekstane sine høgt for sonen då han var liten. Ein av dei vart den prisvinnande barne- og ungdomsserien om Apache-indianarane.

– Eg var så heldig at eg fekk vere med på utforminga av desse bøkene. Eg fekk gi uttrykk for når eg var nøgd og når eg ikkje var det, seier Heikki.

Stig Holmås skriv nært og engasjert om tilhøva, både heime i Bergen og ute i verda. Sonen er sikker på at samfunnsengasjementet har smitta.

– Eg trur ballasten ein får med seg heimanfrå er utruleg viktig for kva du legg vekt på og syns er viktig seinare i livet. Eg er glad for at eg lærte alltid å ta dei svakaste sitt parti, seier han.

Då SV-politikar Heikki Holmås skulle velje seg ein forfattar å intervjue, valde han pappa Stig Holmås.

Homlås og Holmås på Litteraturhuset. Mobilvideo: Turid Rogne.

God stemning

I går kveld var salen full på Litteraturhuset. Mange ville sjå samtalen mellom far og son Holmås. Av tema som kom opp, var mellom anna senior sin fortid i AKP-ml, og dei ulike fasane i forfattarskapen hans.

Før samtalen sa junior at han ønskte at publikum skulle kose seg.

– Eg gler meg til latteren frå salen. Dersom vi går ein heil kveld utan latter frå salen, trur eg vi kan oppsummere med at det var ein katastrofe, ler han.

Og den sentrale SV-politikaren fekk oppfylt ønsket. Det var god stemning på Litteraturhuset, og latteren sat laust.

Då SV-politikar Heikki Holmås skulle velje seg ein forfattar å intervjue, valde han pappa Stig Holmås.

Mobilvideo: Turid Rogne.

Hareide og Solberg

Onsdag 8. mai kjem KrF-leiar Knut Arild Hareide til samtale med ein forfattar. Han vel å snakke med Edvard Hoem, som i likskap med Stig Holmås har vore aktiv i AKP-ml.

Den 23. mai kjem Høgre-leiar Erna Solberg til Litteraturhuset for å samtale med Selma Lønning Aarø.