To kvinner fra sør-Europa er pågripne etter at dei forsøkte å rane turistar utanfor Fløybanestasjonen søndag morgon.
Ein mann i eit sør-koreansk reisefølge vart fråstolen lommeboka si, men reisefølget på nær 30 klarte å spore opp dei to frekke tjuvane, og heldt dei fast til politiet kom.
Profesjonelle bandar
Politiførstebetjent Claus Mathiesen seier at turistar tiltrekk seg veskenapparar, og han ber folk om å vere på vakt i tida som kjem.
- Vi har allereie hatt dei første tjuveria frå matsalane på hotella, seier Mathiesen.
Mathiesen seier det ofte står profesjonelle bandar bak denne typen tjuveri, og trur det som skjedde på Fløybanestasjonen søndag er nok eit teikn på at sesongen er i gang.
Ikkje berre i utlandet
Han oppmodar folk å passe godt på vesker og bagar med verdisaker i.
- Det er lett å tenke at slike frekke tjuveri berre skjer i utlandet, men ein bør passe godt på også her heime, spesielt i turistsesongen, seier han.