Hopp til innhold

Høie om sjukehusstriden: – No slepp dei «nedleggingsspøkelset»

Helseminister Bent Høie (H) meiner brukarane bør vera nøgde med at Odda sjukehus ikkje blir lagt ned. I staden forsvinn truleg akuttkirurgien ved Noregs minste sjukehus.

Helseminister Bent Høie

LEGG NED: Helseminister Bent Høie (H) vil ikkje redda akuttkirurgien ved Odda sjukehus. Eit for dårleg befolkningsgrunnlag til å oppretthalda tilbodet, er konklusjonen.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Etter årelange utgreiingar og vedtak la helseminister Bent Høie (H) i dag fram det nye nasjonale sjukehuskartet.

Som venta gjekk helseministeren inn for å legga ned akuttkirurgien i Odda då han måndag formelt tok imot helseføretaka sine framlegg til nye akuttenester.

Den langvarige kampen for tilboda ved landets minste sjukehus har skapa enorm debatt og engasjement dei siste månadene. Fleire parti har varsla omkamp når regjeringa no går inn for å leggja ned det akuttkirurgiske tilbodet i Hardanger.

Men i staden for å vera misnøgd med at sjukehuset ikkje lenger skal ha kirurgar på vakt heile døgeret, meiner Høie at innbyggjarane i Odda skal vera takksame for at sjukehuset er del av dei langsiktige helseplanane.

Sjukehuset kunne ha blitt lagt ned.

– Odda sjukehus har vore nedleggingstruga i fleire omgangar. No er det bestemt at ein skal ha eit akuttilbod på nivå med det ein har i Lærdal og i Nordfjord. Det meiner eg er eit godt og framtidsretta akuttsjukehus for innbyggjarane i Odda, seier Bent Høie til NRK.

Sykehus med akuttfunksjon

SJUKEHUSKARTET: Slik blir dei 51 akuttsjukehusa i ny Nasjonal helse- og sjukehusplan.

Foto: Helse- og omsorgsdepartementet / nyhetsgrafikk.no

Odda trekte det kortaste strået

Då Høie la fram sjukehusplanen sin i november 2015, var fem sjukehus peika ut til å mista akuttkirurgien. I tillegg vart Odda trekt fram som eit spesielt tilfelle, blant anna på grunn av geografiske og værmessige forhold.

I finalerunden stod tre sjukehus att på kuttlista: Narvik, Flekkefjord og Odda. Etter at styra i dei regionale helseføretaka hadde sagt sitt, låg Flekkefjord og Odda an til å mista tilbodet.

Men etter at Høie overkøyrde styret i Sørlandet Sykehus og redda akuttkirurgien i Flekkefjord, er det berre Odda som ikkje lenger skal ha akuttkirurgi.

– Det som er framtidsretta i Noreg er å ta vare på dei mindre sjukehusa. Svaret er ikkje færre og større sjukehus, men ein desentralisert struktur.

Odda sjukehus aksjon

MANGE AKSJONAR: Fleire tusen aksjonistar har ved fleire høve demonstrert mot kuttplanen ved Odda sjukehus. No inviterer sjukehusaksjonistane rikspolitikarar til 1. mai-markeringa i Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Varslar omkamp

Lokal- og fylkespolitikar Terje Kollbotn (Raudt) i Odda meiner Høie opptrer arrogant når han gir blaffen i folkekravet om at akuttilbodet er avgjerande for liv og helse. Han er òg skuffa over at ministeren har takka nei til invitasjonen om å vitja sjukehuset i Odda.

– Me har ikkje anna val enn å håpa at rikspolitikarane kan skjera gjennom. Me opplever at våre liv i distrikta er mindre verdt.

No set sjukehusaksjonistane i Odda sin lit til at stortingspolitikarane bergar sjukehuset. Fleire parti har teke til orde for å overprøva avgjerda i Stortinget.

– For min del er vedtaket endeleg. Med den styringsmodellen me har i dag, er dette ei avgjerd som ligg til helseministeren, seier Høie.

Terje Kollbotn og folk

GIR SEG IKKJE: Trass nederlag i fleire instansar gir ikkje sjukehusaksjonistane i Odda opp håpet om å vidareføra akuttkirurgien ved sjukehuset. – Håpet er å samla ein kjempedelegasjon 1. mai, seier Raudt-politikar Terje Kollbotn.

Foto: Tale Hauso / NRK