– Det er ein god times kø no. For nokre timar sidan måtte gjestane venta opp mot tre timar, seier Asgeir Walaker Hutchinson i 13-tida.
Trur på rekord
Han er assisterande driftsleiar ved Ulriksbanen, som går mot nok ei knallhelg. Denne helga er det haustferie både aust og vest i landet. I kombinasjon med strålande vêr ligg taubanen til Bergens høgaste fjell an til besøkstal godt over årssnittet.
– Akkurat no bikka me 1100 gjestar så langt i dag. Eg reknar med talet vil enda på 2400 mot på slutten av dagen.
Sidan finvêrsperioden starta førre fredag har gondolbana til den 643 meter høge fjelltoppen rapportert inn 1800–1900 gjestar i snitt kvar dag. I helgane stig talet til opp mot 2400 besøkjande.
I fjor blei det publikumsrekord for svevebana med 175.000 påstigande. Hutchinson trur rekorden ryk i år.
– På denne tida av året, med dårleg vêr, så hadde det ikkje vore meir enn 3–400 personar på ein sundag. Denne sesongen har vore svært bra.
Kanskje sol ut veka
Høgtrykket som har lagt seg som eit teppe over Skandinavia skal ifølgje meteorologane vara langt ut i neste veke.
– Det blir fint vêr i alle fall fram mot fredagen – då vert prognosane litt meir usikre. Men det ser ut til å halda fram også mot helga, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Martin Granerød.
Haustferien ser difor ut til å vera berga for dei som har planar om å vera ute.
– For dei som har vore på jobb i helga, slik som meg, er toget på ingen måte gått. Det er mange dagar å ta av i løpet av neste veke, forsikrar meteorologen.
Bergen har sete fleire
. Granerød seier at høgtrykket er uvanleg på desse breiddegradene.– Så kraftige høgtrykk er meir vanleg langt inne i Sibir, kor det er kaldt og snødekt om vinteren. Kald luft gjer plass til meir luft, som gjer at lufttrykket kan bli høgare. Difor er ikkje slike høgtrykk vanleg her.
Kan bli gjensyn med morgontåka
Solrike dagar og kjølige netter er stikkorda til veka. Men sjansen for lokal tåke, spesielt over Bergen, aukar utover veka.
– Morgontåka vil mest truleg forsvinna i løpet av formiddagen, viss ho i det heile tek kjem, varslar Granerød.
- Les også:
Men det kan verta eit gjensyn med den tjukke morgontåka som låg over Bergen i august.
– Viss tåka legg seg blir det fint å koma seg opp i høgda. Då får ein sjå ein utsikt ein sjeldan får oppleva.