Hopp til innhold

Høgskulen opnar for fusjon med UiB

Styret ved Høgskolen i Bergen opnar for fusjon med Universitet i Bergen, ein fusjon som også kan inkludere andre høgskular i regionen.

Høgskolen på Kronstad

FUSJON: Høgskolen i Bergen har opna for fusjon med Universitetet i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland

Ole-Gunnar Søgnen

FUSJON: Rektor ved Høgskulen i Bergen seier det er vedtatt to alternativ for fusjon for høgskulen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Styret vårt gjorde i går eit vedtak der me ynskjer å behalde vår profil som profesjons- og arbeidslivsretta institusjon, samtidig som me ynskjer å bli eit universitet, seier rektor ved Høgskulen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen.

Bakgrunnen for vedtaket er at Regjeringa har varsla ein stor strukturreform i universitets- og høgskolesektoren (SAKS).

Alle institusjonar i Noreg er bedt om å komme med sine innspel til ein framtidig struktur innan 1. november.

To mogelegheiter

Målet med strukturreforma i universitets- og høgskolesektoren er færre institusjonar, men ikkje nødvendigvis færre lærestader.

– Me har to likeverdige vegar framføre oss. Den første er at me fusjonerer med høgskular på Vestlandet, og den andre er fusjonen mellom Høgskolen i Bergen og Universitet i Bergen, seier Ole-Gunnar Søgnen.

Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Stord og Haugesund, og Høgskulen i Volda er dei mest aktuelle å slå seg saman med.

– For begge dei to alternative vegane er det viktig at vi beheld vår profesjonsprofil og at me kan bli eit profesjonsuniversitet, seier han.

– Årsaka til at me opnar for fusjon med Universitet i Bergen er at me gjennom den siste månaden har hatt ein svært positiv dialog, seier Søgnen.

Han seier ein fusjon med Universitet i Bergen også kan inkludere andre høgskular på Vestlandet.

Stortingsmeldinga blir vedtatt i 2015.