NRK Meny
Normal

Mannholet og Plogkjeften skal orientera studentane

Gamle jarnbanenamn får sin renessanse på den nye høgskulen i Bergen. Vognverkstadnamn og stasjonsnamn frå gamle Vossabanen skal no hjelpa studentane med å finna fram på det 50 mål store campusområdet på Kronstad.

Solheimsviken stasjon

SOLHEIMSVIKEN STASJON: Her er døme på eit namn for ein av møteplassane på du finn på den nye høgskulen.

Foto: Mauricio Pavez / HiB

– No står vi på Arna stasjon som er rett under postrommet på Høgskulen i Bergen og her er det eit opent studieareal for studentar, seier leiar for namneprosjektet ved Høgskulen, Elin Folgerø Styve.

Kronstad, Hop, Arna og Trengereid. No er nokre av stasjonsnamna til gamle Vossabanen også blitt namn på fellesområde og møtestader for studentar på den nye Høgskulen i Bergen.

– Det er maskinverkstaden som no er kafeen vår, plateverkstaden er studenthuset, snekkerverksteden huse biblioteket og vognverkstaden er no idrettsbygningen vår, seier Styve.

Arkitektane har også bestemt fargepaletten ut ifrå fargane på dei gamle godsvognane.

Peikar på historia

Dei nye namna skal peika tilbake på historia til tomta – og gjer det lettare for folk å orientera seg.

– Bygget vårt er stort. Det kan verka uoversiktleg med det same du kjem inn. Vi har tenkt å laga området til møteplassar og gje desse møteplassane namn. Så i staden for å seie at vi møtes bak biblioteket eller ved kafeen, så tenkjer vi heller at ein brukar til dømes bak Arna stasjon, fortel Styve.

Namna skal reflektera historia til jarnbaneverkstaden som opphavleg låg på tomta, men dei er ikkje heilt innarbeida hos studentane enno.

– Eg visste ikkje at det heita det her. Om nokon hadde sagt Haukeland stasjon til meg allereie no, så hadde eg vore heilt på bærtur, seier ein student.

– Eg trur det blir lettare å orientera seg etter kvart. Vi seier allereie at vi har klasserom ved Haukeland stasjon, seier ein annan.

Styve håpar at elevane til slutt kan orientera seg og bli vane med namna.

– Eg håpar dei blir nysgjerrige og synest det blir kjekt å knytta dagleglivet til historia her, seier Styve.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høgskolen i Bergen

GAMLE NAMN: Høgskulen i Bergen brukar gamle namn frå historia bak området for å orientera studentane.

Foto: Mauricio Pavez / HiB

Mannholet

Andre fellesareal har fått kuriøse namn etter utstyr som vart brukt i verkstadshallene.

– Nokre høyres litt røffare ut som; plogkjeften, mannholet, rissespissen, knusekjeften og tenderen, ramsar Styve opp.

– No vart eg nyfiken, kva er mannholet?

– Mannholet var opninga i innspeksjonslokket på ovnkjelane. Eg vart fortalt at holet var veldig smalt, sånn at du måtte vera slank og kanskje til og med gå utan kjeledress for å koma deg gjennom og inn for å reperara kjelane, seier Styve.

Arbeidd med jarnbane

– Korleis har du fått historia bak namna?

– For litt over eit år sidan byrja eg å intervjua ein tidlegare arbeidar på verkstaden her, Henry Hornes. Han var ein kjend arbeiderpartipolitikar og fagforeiningsmann, og han hadde arbeidd med jarnbane heile livet sitt, forklare namnprosjektleiaren.

Hornes gav Styve mykje informasjon til prosjektet.

– Vi hadde ein kjempeflott dialog heilt til han død i fjor sommar. Det var veldig trist då han gjekk bort, for då vart vi ikkje ferdige saman. Men eg fekk god hjelp frå Ivar Gubberud som er med i mueumet til gamle Vossabanen. Han kvalitetsikra informasjonen og gav mykje ekstra informasjon til meg, seier Styve.

Mikkien etter Mikke Mus

Mikkien' er no namnet på ein av takterrassane – men opphavleg var det eit kjærkomment køyretøy.

– Mikkien var nok Bergen sin første el-bil og er frå 1947. Hornes fortalde at den gav arbeidarane eit nytt liv.

Arbeidarane sleit veldig hardt med tunge stålplater som dei måtte dra langs gulvet og førte til at dei vart veldig slitne.

– Når arbeidarane fekk Mikkien så kunne dei stå på eit batteridriven køyretøy og flytta på platene med den. Dette førte til ei ny kvardag for dei. Dei kalla den for Mikkien etter Mikke Mus fordi han var så smart og det syntes dei at denne bilen og var, smiler Styve.

Mikkien

MIKKIEN: Mikkien er namnet på takterrassen på Høgskulen, men var tidlegare namnet på ein el-bil - oppkalla etter Mikke mus.

Foto: Mauricio Pavez / HiB

Siste video

Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen
Flere hundre tok turen til Torgallmenningen for å smake mat som var gått ut på dato.
Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane fredag 18. august 2017.