Hopp til innhold

Vil gje eit ekstra skuleår til dei som ikkje er klare for vidaregåande

Høgretopp vil innføra 11. klasse for dei som fell utanfor grunnskulen. Elevorganisasjonen meiner det vil gjera mange elevar tryggare.

Sanne Torsvik, fylkesleder i Elevorganisasjonen

– GODT FRAMLEGG: Sanne Torsvik i Elevorganisasjonen i Hordaland meiner at eit 11. skuleår vil gjera mange elevane tryggare i møte med vidaregåande skule.

Foto: Mats Arnesen / NRK

– Det er eit stort problem når 130 elevar årleg droppar ut alt før dei byrjar på vidaregåande, seier leiar Sanne Torsvik i Elevorganisasjonen i Hordaland.

Ho meiner at det kan vera fleire grunnar til at så mange ungdomsskuleelevar slit. Det kan vera at læraren ikkje ser deg nok, at du ikkje får nok hjelp eller at du ikkje kjenner deg trygg nok på faga.

– Det kan eit ekstra år hjelpa med.

Av 59.000 norske elevar som årleg går ut av ungdomsskulen, har om lag 2700 så dårlege karakterar eller har stroke i så mange fag, at det vert veldig vanskeleg å gjennomføra vidaregåande skule.

Det opplyser Utdanningsdirektoratet (ekstern lenkje).

Kommunen må ta ansvar

Derfor starta direktoratet eit prøveprosjekt i Drammen i fjor. Elevane som vil kan gå eitt ekstra skuleår etter 10. klasse.

No vil Henning Warloe, som sit i bystyret i Bergen for Høgre, innføra det same der.

– Eg synest det er for gale at me ikkje har teke dette ansvaret skikkeleg tidlegare. Det er vårt ansvar som kommunepolitikarar og skuleeigarar å syta for at alle elevane våre får det beste utgangspunktet for å gjera noko etter grunnskulen. Det har dei ikkje utan fullført grunnskuleutdanning.

Henning Warloe

– INGA TID Å MISSE: Henning Warloe i Høgre ser til Danmark og vil tilby eit ekstra skuleår til dei som ikkje er klare for vidaregåande.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Suksess i Danmark

I Danmark mottek vel 50 prosent av 16-åringane tilbodet om eit ekstra skuleår. Her brukar elevane halvparten av skuletida på å få betre karakterar og betre kunnskap i dansk, matematikk og engelsk. Resten av tida brukar dei på valfrie undervisningsopplegg i emne dei er særleg interesserte i.

I Bergen mangla 129 elevar grunnskulepoeng i år, altså at dei mangla karakter i fleire enn halvparten av faga.

– Dersom det er noko me kan gjera, så bør me gjera det fort, seier Warloe.

Eitt av fleire tiltak som må vurderast

Skulebyråd Roger Valhammer (Ap) i Bergen er samd i at det er gjort for lite.

– Når fråfallet i vidaregåande er så stort, er eit 11. skuleår eit tiltak me bør sjå nærare på, men det er nok ikkje heile løysinga.

Valhammer vil ikkje setja i gang ei eiga utgreiing ved sida av den regjeringa alt er i gang med.

– Eg vil koma til bystyret med ei sak om dette når den nasjonale utgreiinga er klar, seier han.

Torsvik i Elevorganisasjonen meiner det kan vera godt for dei som til dømes slit i matte å bruka tid på å gå gjennom kjent stoff på nytt.

– Eg veit ikkje om elevane vert meir motiverte av eit ekstra skuleår, men eg trur dei vert tryggare på kva dei kan.