NRK Meny
Normal

Høgre ynskjer Drevland velkomen tilbake

Trude Drevland har hatt permisjon frå bystyret i Bergen i samband med siktinga i cruisesaka. Når saka no er lagt vekk ligg vegen tilbake open for den tidlegare ordføraren.

Saken mot Trude Drevland henlagt

VERT YNSKJA VELKOMEN TILBAKE: Trude Drevland på boksignering fredag.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Trude Drevland er valt inn i bystyret i Bergen for Høgre. I boka ho gav ut i haust skriv ho at ho err ferdig som tillitsvalt i politikken, og går med det langt i å seie at ho ikkje kjem tilbake.

Uklart kva som skjer

​Drevland etter at saka vart lagt vekk fredag ikkje kommentert kva ho no kjem til å gjere. Bergen Høgre ynskjer ho uansett velkomen tilbake.

– Vi håper Trude framleis vil bidra i partiet sitt arbeid, og ynskjer ho velkommen tilbake dersom ho sjølv ynskjer det. Vi vil sjølvsagt respektere Trude sitt val, skriv leiar Anne Lorgen Riise i ei pressemelding.

Også nestleiar i partiet si bystyregruppa, Hilde Onarheim, ser gjerne Drevland tilbake i bystyresalen:

– Det er jo slik at Trude har permisjon frå bystyret. No må ho sjølv ta stilling til om ho vil halde fram i gruppa og dermed oppheve permisjonen. Nett no har ho sikkert andre ting å tenke på, men ho er velkomen tilbake når som helst når ho føler for det.

Hilde Onarheim

YNSKJER TRUDE VELKOMEN TILBAKE: Hilde Onarheim er nestleiar i Høgre si bystyregruppe i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Kan bli vanskeleg

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, meiner det kan bli vanskeleg for Drevland å komme tilbake i politikken. Han trur saka vil henge ved Drevland, sjølv om ho reint juridisk ikkje har gjort noko kriminelt.

– Dette er eit godt eksempel på ei sak der ein politisk og kanskje moralsk kan ha gjort noko gale eller misbrukt si stilling, sjølv om det ikkje får eit juridisk etterspel i form av ein rettskraftig dom. Denne saka har vore politisk problematisk for Drevland, seier Sand.

Han trur det reint menneskeleg er ei oppreisning for Drevland at ho ikkje må leve som ein kriminell etter denne saka, men at ho likevel vil slite politisk.

– Det er heva over tvil at Drevland har gjort noko ho ikkje burde gjere. Slik sett har ho kanskje gjort det umogleg for seg sjølv å kome tilbake i politikken, sjølv om ho formelt sett er valt inn i bystyret i Bergen.

Lars Nehru Sand

TRUR DET KAN BLI VANSKELEG: Lars Nerhu Sand er politisk kommentator i NRK.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Dette er cruisedåp-saka:

Sjå utviklinga frå A til Å

Laster innhold, vennligst vent..

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2