Hopp til innhold

Høgre vil stoppa høg politikarløn i samanslåtte fylke

Det blir ingen auke i løn til fylkespolitikarane i nye Vestland. Men det blir heller ikkje billigare. No vil Høgre stoppa millionløningane.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating 27.oktober 2017

INGEN AUKE: Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating i 2017.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Etter å ha fått kritikk for eit forslag som kunne gitt millionløn til fleire, blir det no ingen auke i løna til fylkespolitikarane. Fylkesordføraren får heller ikkje statsrådsløn på 1,3 millionar, slik forslaget var.

Det vedtok fellesnemnda torsdag.

I staden skal det nye Vestland fylke halde godtgjerslene på same nivå på som Hordaland og Sogn og Fjordane har i dag. Men sjølv om det blir færre fylkespolitikarar, blir det altså ikkje billigare å løna politikarane.

Meiner likevel at noko må gjerast

– Når to blir til ein, bør kostnadane gå ned, ikkje stå stille, seier Mari Holm Lønseth (H), som sit i Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget.

Ho er glad for at det ikkje blei noko auke i politikarløna, meiner likevel at ein treng ein gjennomgang av løna til fylkespolitikarane.

– Målet med samanslåing er å få utgiftene ned. Når vi skal effektivisere offentleg sektor, må politikarane sjå seg sjølv i korta.

Mari Holm Lønseth (Høyre)

FEIL NIVÅ: Løn må stå i stil med ansvaret, seier Mari Holm Lønseth (H) som sit i kommunalkomiteen på Stortinget.

Foto: Trondheim kommune

Ikkje statsrådsløn

I dag bruker Hordaland og Sogn og Fjordane 37,5 millionar kroner på løn og godtgjersle til fylkespolitikarar. Forslaget var å løyva 2,5 millionar meir enn dei to fylka brukar på løn til politikarar i dag.

Løna til både fylkesordførar og fylkesvaraordførar skal halde seg på dagens nivå, medan godtgjersla til fylkesutvalsmedlemmane aukar.

  • Løn til fylkesordførar 1,2 millionar kroner.
  • Løn til fylkesvaraordførar 956.500 kroner.
  • Godtgjersle til fylkesutvalsmedlemmer 440.000 kroner.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, grunngjev auken med at ein må ha ei godtgjersle som gjer at fylkesutvalet har tid til å drive politisk arbeid.

– I det nye fylket vil det bli lange reiseavstandar, og det vil krevje meir tid enn det gjer i dag, seier Følling.

Anders Ryssdal, Sigurd Reksnes, Jenny Følling.

DEBATT: Lønna til dei komande fylkespolitikarane skapte debatt i fellesnemnda for nye Vestland fylke torsdag. Her ved Senterpartiet og Jenny Følling til høgre.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Vil ha gjennomgang

Eit utval i Høgre vil fremme ein resolusjon til landsmøtet i mars der dei føreslår å gå gjennom utgiftene til politikarløn i fylkeskommunane. Målet er å redusere talet på heiltidspolitikar og få ned lønsutgiftene.

For det er ikkje fyrste gong forslag om milionløn til politikarar i dei nye fylka skaper debatt.

Lønseth meiner ansvaret fylkespolitikarane har ikkje forsvarar godtgjersler på det nivået som Vestland har gått inn for.

– For desse politikarane så er det nok litt for høge løningar, samanlikna med det ansvaret dei har. Og derfor er det naturleg og sjå på korleis ein kan sette dei ned.

Statlege retningslinjer

Lønseth seier at dei fyrst og fremst vil oppmode dei nye fylka om å ta ein gjennomgang, men om fylka ikkje sjølv får ned utgiftene, meiner Lønseth at det på sikt må vurderast statlege retningslinjer.

– Men først og fremst er det fylkeskommunen sjølv som må sørge for at løningane går ned, understrekar ho.