Hopp til innhold

– Uaktuelt med prisauke frå 31 til 38 kroner

Fylkestinget gjekk i sommar inn for at det skulle koste det same å reise med buss i heile Hordaland. Men prisen får fylkesordføraren til å tenkja seg ein ekstra gong om.

Trude Drevland og Tom-Christer Nilsen åpner Bybanen til Lagunen

SNUR: Tom-Christer Nilsen seier det er uaktuelt å godta ein prisauke på billettprisen frå 31 kroner til 38 kroner. Her saman med ordførar Trude Drevland i Bergen, under opninga av Bybanen.

Foto: Johannes Morland / NRK

Fylkesrådmann Rune Haugsdal gjekk i førre veke ut åtvara fylkespolitikarane om den økonomiske utviklinga i kollektivtrafikken. I juni i sommar vedtok fylkestinget å gjera om til ei takstsone frå 1. februar 2015, noko som i praksis betyr same billettpris for buss og bybane same kor langt ein reiser i fylket.

Men konsekvensane av vedtaket er i ferd med å gå opp for politikarane. Bergens Tidende skreiv torsdag førre veke at overgangen til ei takstsone vil bety 61 millionar kroner i tapte billettinntekter årleg.

For å dekke dette må ein anten kutte bussruter, eller auke billettprisen. Til dømes vil ein enkeltbillett for vaksen måtte auke frå dagens 31 kroner til 38 kroner.

– Uaktuelt

Den prisen gjer at fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) vil sjå på vedtaket om ei takstsone på nytt.

– Det er ikkje særleg aktuelt å gå inn for ein slik prisauke. Alle er samde om at gå frå 31 kroner til 38 kroner er for mykje, seier Nilsen til NRK tysdag.

– Vi er nøydde til å sjå på desse tinga på nytt, held han fram.

Dei øvrige prisaukene er frå 16 kroner til 19 kroner for barn/honnør, medan månadskort for vaksen vil gå frå dagens 690 kroner til 780 kroner.

Høyr debatten mellom Filip Rygg og Tom-Christer Nilsen:

– Gode signal

Filip Rygg

LETTA: Tidlegare byråd i Bergen, Filip Rygg.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

I ei spalte i Bergensavisen i dag skriv tidlegare byråd i Bergen, Filip Rygg, at eit kraftig prishopp vil gi mindre etterspørsel etter kollektivtrafikken i Bergen.

– 38 kroner per billett! Det er nesten dobbelt så dyrt som bompengane som du også berre betalar ein veg, skriv Rygg.

– Eg meiner ein må erkjenne at det er viktigast at ein brukar kollektivtrafikk i storbyregionen. Vi må halde taksten så lav som mogleg i Bergen, slik at fleire vel kollektivtilbodet, utdjupar Rygg til NRK.

Han er difor glad for å høyre at fylkesordføraren snur i saka om ei takstsone.

– Eg er letta, dette er gode signal. Då kan veksten for kollektivtrafikken halde fram.

Vil teste i mindre område først

Rygg presiserer at tanken om ei takstsone i Hordaland er interessant.

– Men ein tar kanskje litt hardt i.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen er likevel opptatt av å gjera kollektivtilbodet i fylket enklare og meir oversiktleg for brukarane.

– No er det vedtatt, men vi er nøydde til å sjå på gjennomføringa av dette på nytt når vi ser at prisen blir så høg. Eg trur det ville vere ein god idé å teste i eit mindre område først, for å sjå verknadane, avsluttar Nilsen.