Hopp til innhold

Høgre seier nei til Høgre si køprising

Samferdsleutvalet i fylkeskommunen går i mot at det vert innført køprising i Bergen. Det skjer fordi to politikarar ikkje møtte opp.

Samferdslepolitikarane til Høgre

SEIER NEÌ: Fylkespolitikarane til Høgre, her representert med Eli Berland, Einar Lutro og Stein Inge Ryssdal går i mot byrådsleiaren i Bergen sitt forslag til køprising i Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Martin Smith-Sivertsen og Henning Warloe

FÅR IKKJE STØTTE: Byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H) og byutviklingsbyråd Henning Warloe (H) får ikkje støtte frå kollegaane i fylkespolitikken.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Etter at byrådsleiar i Bergen Martin Smith-Sivertsen gjekk inn for å innføra køprising i Bergen, har mange tatt for gitt at det skulle verta ei smal sak å få fleirtal for det restriktive trafikktiltaket.

Onsdag sjokkerte derimot samferdsleutvalet i fylkeskommunen med å seia nei til køprising.

Høgre si fylkestingsgruppe har komme fram til at dei ikkje vil støtta forslaget.

– Har gått til val på dette

– Me har gått til val på at me ikkje skal innføra køprising, og meiner at me ikkje har mandat til å gå inn for ordninga, seier Stein Inge Ryssdal som sitt i utvalet for Høgre.

At Høgre sin byrådsleiar og byutviklingsbyråd i Bergen har gått inn for køprising, er ikkje god nok grunn til å skifta meining ifølgje Ryssdal.

– Me kan ikkje ta omsyn til vala til byrådet i Bergen, seier Høgre-politikaren.

Forslaget går ut på å skru opp bompengetakstane til 45 kroner to og ein halv time kvar morgon og to timar kvar ettermiddag. Det er Høgre sine byrådar som har lagt fram og fronta ordninga, etter at opposisjonen fekk fleirtal for å innføra køprising i bystyret i Bergen.

Forfall hindrar fleirtal

Tomme stolar i samferdsleutvalet

TOMME STOLAR: Her skulle Senterpartiet og Arbeidarpartiet sin fjerde representant ha vore under samferdsleutvalsmøtet. Fråværet gjer at Høgre og Framstegspartiet fekk fleirtal for å ikkje innføra køprising.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Den utløysande årsaka til at det ikkje vert fleirtal er likevel forfall frå ein representant frå Senterpartiet og ein av dei fire representantane til Arbeidarpartiet.

Det gjer at seks utvalsmedlemmar gjekk inn forslaget, medan sju representantar gjekk i mot køprising.

Framstegspartiet går i mot forslaget både i by- og fylkespolitikken.

LES OG: Frp: – Høyre bryt avtalen

Ikkje endeleg

Det fylkeskommunale avslaget er likevel truleg av det kortsiktige slaget. Spørsmålet skal endeleg avgjerast på fylkestinget.

Pål Kårbø som sitt i samferdsleutvalet for Kristeleg folkeparti er opprørt over at Høgre ikkje støttar forslaget som er lagt fram.

– Det er oppsiktsvekkjande at Høgre si fylkestingsgruppe legg opp til at det er opposisjonen som skal berga byrådet i Bergen. Eg forstår at saka er vanskeleg, men dette handlar om å ta ansvar, seier Kårbø.

– Det er svært spesielt at Høgre seier nei til Høgre sitt køprisingsforslag, seier Alf Helge Greaker frå Venstre.

Venstre er det einaste av dei tre partia i fleirtalskoalisjonen i fylkeskommunen som går inn for køprising.