Hopp til innhold

Nedgangen held fram for Høgre i Bergen

Partiet mistar framleis veljarar i Bergen. Fersk måling opnar for ny byrådskonstellasjon.

Trude Drevland og Erna Solberg på bedriftsbesøk i Bergen.

VALKAMP: Ordførar Trude Drevland og statsminister Erna Solberg på bedriftsbesøk tidlegare denne veka. Skal ein tru dei seinaste meiningsmålingane må Høgre stå på for å sanka nok stemmer til kommunevalet.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Vallogo

Det er Bergens Tidende som skriv om dei ferske tala søndag. På ei måling frå Respons Analyse seier ein av to Høgre-veljarar frå 2013 at dei ikkje vil gjenta sitt val i haustens kommuneval. Ein av tre har sett seg på gjerdet.

Det stemmer godt overeins med målinga InFact gjorde for NRK og Bergensavisen i juni, der også kun annakvar Høgre-veljar svara at dei vil stemma på partiet på nytt. Målinga var den dårlegaste på fleire år for Høgre.

Dagens måling i BT sjokkerer professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot.

– Lojalitetsprosenten til Høgre er på eit historisk lågmål. Og det verste av det hele er at det er fallende frå i vår. At eg skulle oppleva at SV hadde høgare lojalitetsprosent enn Høgre, nei, det hadde eg aldri trudd eg skulle oppleva, seier Aarebrot til BT.

Ny konstellasjon

Haustens kommuneval ser ut til bli av det svært spennande slaget i vestlandets hovudstad. Det ferske partibarometer frå Respons syner at Høgre no har ein oppslutnad på 25,2 prosent, ned 1,7 frå førre måling. Arbeidarpartiet går opp til 35,9 prosent.

Med det vil dei få 24 representantar i bystyret, mot Høgre sine 17.

Men begge er avhengige av samarbeid med andre parti for å sikre fleirtalet på 34 representantar i bystyret. Med oppgang også for KrF og Dei Grøne på den siste målinga til BT, veks det fram ein ny moglegheit til byrådskonstellasjon; Ap, KrF og Dei Grøne.

Kaos

Som kjent gjekk KrF ut av byrådssamarbeidet med Høgre og Frp i fjor vår, som følgje av den tilsynelatande evigvarande krangelen om bybane over Bryggen.

KrF vil ifølge Respons sin ferskaste måling få fem mandat i bystyret. Dermed er dei eit svært interessant parti for potensielt samarbeid, både for Høgre og Ap.

– Det er herleg å vera i ein slik posisjon, innrømmer KrFs førstekandidat Dag Inge Ulstein ovanfor BT.

KrF med valkampkickoff i Bergen

KICKOFF: Bergen KrF hadde kickoff for valkampen på Torgallmenningen i Bergen i går. Nestleiar Dagrun Eriksen, førstekandidat Dag Inge Ulstein og partileiar Knut Arild Hareide legg ikkje noko mellom for å kapre stemmer og «spelte» konsert for dei frammøtte.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

At Høgre-veljarane anten forsvinn eller sitt på gjerdet, kan kanskje forklarast med at det har storma rundt Høgre og byrådet i Bergen det siste året.

Krangelen om bybane over Bryggen treng knapt nemnast. I tillegg kjem saka om Høgre-ordførar Trude Drevland som snakka usant om påspandert luksustur til utlandet. På toppen kan ein legga aukande kommunal gjeld og ein bråte med byrådar som anten har blitt kasta eller har gått av i protest.