Hopp til innhold

Stolt-Nielsen vann maktkampen

Høgre si byrådsgruppe går ikkje inn for bybaneavtalen gruppeleiar Dag Skansen har framforhandla med Arbeiderpartiet og Framstegspartiet. Men bystyregruppa vil ikkje låsa representantane sine.

Ragnhild Stolt-Nielsen etter krisemøtet i Høgre

VINNAR: – Eg føler no eg har tillit, sa Ragnhild Stolt-Nielsen etter møtet.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Ragnhild Stolt-Nielsen, gruppemøte

RABALDER: Her er Ragnhild Stolt-Nielsen på veg inn det skjebnesvangre gruppestyremøtet i Høgre.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Marita Moltu

GARANTERER IKKJE: Gruppeleiar Marita Moltu (KrF) kan ikkje garantere at KrF vil halde fram i samarbeidet uansett kva alternativ Høgre stemmer for i kveld.

Foto: Sølve Rydland / NRK
Gruppeleder for Høyre, Dag Skansen på vei inn i gruppemøte

BLID: Gruppeleiar i Høgre, Dag Skansen, har vore med på å forhandle avtalen med Ap.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Dermed er det avtalen med KrF som ligg til grunn for Høgre.

Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen seier at ho var tydeleg på kva konsekvensane ville bli om gruppemøtet valde å gå vekk i frå denne avtalen.

– Eg ser ikkje på dette som eit nederlag og vil ikkje beklage for at eg kom fram til ein avtale med Ap, seier Dag Skansen, gruppeleiar for Høgre etter møtet.

Beklagar ordbruken

Det var 17 mot 6 stemmer i som stemte for å halde avtalen med KrF.

– Eg beklagar sterkt ordbruken som har vorte brukt mellom oss og KrF dei siste dagane, og det har ikkje vore bra alt som har vore sagt, seier Skansen.

– Kva forhåpningar hadde du om å få til denne løysinga?

– Det vil eg ikkje spekulere i no. Vi vil gå for det vedtaket vi har kome fram til i kveld, seier Skansen.

– Føler eg har tillit

– Vi har fått den løysinga vi ønskjer. Eg la eg vekt på at eg henta tilliten min frå Høgre, KrF og Frp, og den tilliten føler eg som byrådsleiar at eg har no, sa Stolt-Nielsen etter det over fire timar lange møtet.

Vedtaket inneber at punktet om å leggje alternativet over Bryggen dødt i framtida er tatt vekk.

Det same gjeld når det gjeld å ta ei forlenging av Fløyfjellstunnelen inn att i bybaneprosessen.

Kritisk situasjon

Både KrF og byrådsleiar Stolt-Nielsen (H) vurderte å gå ut av byrådet om gruppa støtta den omdiskuterte bybaneavtalen med Frp og Ap.

KrF si bystyregruppe hadde også møte i dag, og rekna med at den opprinnelege avtalen framleis står ved lag.

Difor sat bystyregruppa til Høgre med nøkkelen for korleis framtida til byrådssamarbeidet kunne blitt.

KrF avventar

Marita Moltu lar ikkje jubelen gå i taket sjølv om Høgre vel å halde avtalen dei har inngått med dei.

– Vi får sjå på vedtaket først, seier Moltu i ein SMS til NRK.

Det kan bety at det endå er oppvask i ta i byrådet i Bergen.

Ikkje fleirtal for å binda gruppa

Sjølv om eit stort fleirtal i Høgre går inn for avtalen med Frp og KrF, vart det ikkje fleirtal for å binda gruppa.

– Det er uhyre sjeldan det faktisk skjer i Høgre at ein bind gruppa, seier Haakon Thuestad som er byrådsleiaren sin rådgjevar.

– Bystyregruppa har gitt eit klart signal til representantane om kva partiet ønskjer, seier Thuestad.

Ap fekk ikkje ut Bryggen

Arbeidarpartiet sin gruppeleiar seier vedtaket til Høgre si gruppe er eit tydeleg takk og farvel til avtalen dei tysdag presenterte saman med Høgre og Frp.

– Vi må konstatere at Høgre har sagt nei til ein avtale som ville gjort bybane over Bryggen heilt uaktuell, seier Harald Schjelderup i Ap i kveld.

Ap vil no fremje forslaget om ein lenger tunnel frå Peter Motzfeldts gate, og konstaterer at Høgre sine representantar ikkje er låste til å røysta for tunnelen ved Kjøttbasaren.

– Vi håpar på eit fleirtal for det slik at både alternativa over Bryggen og ved Kjøttbasaren ryker ut ein gong for alle, seier Schjelderup.

Fem timar langt møte

Gruppemøtet starta klokka 19.00 i kveld og blei avslutta rundt midnatt. Diskusjonane rundt bybanen starta like over klokka 20.00.

Fleire av Høgre-representantane har kom til møtet etter at det starta. Jacob Mæhle og Sondre Rasch, som begge har vore sentrale motstandarar i kampen mot bybane over Bryggen, var dei to siste som gjekk inn i møtet.

Også byråd for barnehage og skule, Harald Victor Hove var ute i siste liten. Møtet går føre seg i formannskapssalen i Gamle Rådhus.

KrF: – Høgre har gått bak ryggen vår

KrF sin gruppeleiar, Marita Moltu, sa etter KrF sitt gruppemøøte at ho meiner at Høgre har drive med skittent spel i prosessen fram mot ei ny avtale med Ap og Frp.

– Vi oppfattar at Høgre har gått bak ryggen vår, halde oss vekke frå forhandlingsbordet og tydeleg gått vekk i frå avtalen vi forhandla fram med dei, seier Moltu

- Kan dette aleine, uavhengig av kva Høgre kjem fram til i sitt møte, føre til at de bryt samarbeidet?

- Vi ville ikkje forskuttere noko som helst, men det er klart at situasjonen er vanskeleg og det opprører meg særleg at Høgre og har gått bak ryggen på sin eigen byrådsleiar, seier Moltu.

Korleis oppfattar du det som skjer i Høgre?

– Det er openbart ein maktkamp i partiet, og eg er sjokkert og forundra over måten dei har gått fram i denne saka. Eg hadde aldri venta dette frå Høgre, seier Moltu.

KrF garanterer dermed ikkje at dei vil halde fram samarbeidet med Høgre og Frp i byrådet, uansett kva alternativ Høgre stemmer for i kveld.

Dette er konflikta

I utgangspunktet hadde byrådet i Bergen (H, KrF og Frp) inngått ein avtale om kva trasé Bybanen til Åsane skulle følgje.

Men utan byrådsleiaren sin viten hadde gruppeleiar for Høgre i bystyret, Dag Skansen, forhandla fram ein annan avtale med Ap og Frp.

Dette førte til at KrF, som ikkje kunne støtte avtalen, blei rasande, og vurderte å ende samarbeidet.

Byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen hadde heller ikkje utelukka at ho ville gå av som følgje av saka.

Om gruppa til Høgre hadde valt å støtte avtalen H, Frp og Ap presenterte i går, kunne byrådssamarbeidet vere historie.