Hopp til innhold

Høgre og Frp vil fremme mistillit mot skulebyråden etter Vigilo-saka

BERGEN SENTRUM (NRK): Høgre og Frp har ikkje tillit til skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) etter Vigilo-saka.

Marthe Leirvåg Høyre

IKKJE TILLIT: Fraksjonsleiar Marthe Leirvåg (H) stadfestar at bystyregruppa i Høgre ikkje har tillit til skulebyråd Linn Krisin Engø (Ap).

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Dette er saka

I oktober 2019 blei det kjend at Bergen kommune mellom anna hadde gitt foreldre utan foreldreansvar tilgang til opplysningar om barn gjennom mobilappen Vigilo.

Etter høyringa om Vigilo-saka tysdag, har fleire parti sagt at dei no vurderer mistillit mot skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap). Onsdag ettermiddag stilte byrådsleiar Roger Valhammer kabinettspørsmål og sa at heile byrådet vil gå om det blir fleirtal for mistillit mot skulebyråden.

Harald Victor Hove (H) er klar til å bli byrådsleiar om det skjer.

– Vi er budd til å ta ansvar om det endar med det. Men for oss er ikkje dette ei jakt på makt.

Gruppemøte torsdag kveld

Den mest alvorlege konsekvensen av app-glippen som er kjend, er at ein far med besøksforbod fekk tilsendt ein e-post med namnet på skulen barnet gjekk på.

Det førte til at mor til barnet fekk valdsalarm av politiet og familien så seg nøydt til å flytte til ein annan skulekrins.

– Konsekvensane av desse feila er potensielt at innbyggjarar blir sett i livsfare av sin eigen kommune, og stort meir dramatisk kan det ikkje bli. Heldigvis var det ingen som måtte bøte med livet eller har opplevd fysisk skade, men det kunne fort blitt realiteten, seier Hove.

Han understrekar at det er skulebyråden, og ikkje heile byrådet dei vurderer mistillit mot.

– For oss er dette eit spørsmål om ansvar, og det ligg hos Engø.

Også SV, Frp og Folkeaksjonen mot meir bompengar har sagt at dei vurderer mistillit, og skal ha gruppemøte i kveld.

– Tilliten er openbert svekka, sa SVs Mikkel Grüner på veg inn i møtet.

Om både SV, Høgre, FNB og Frp går for mistillit, treng dei ikkje Senterpartiet for å få fleirtal for det. Dei fire partia har til saman 34 av dei 67 representantane i bystyret.

Mikkel Grüner

VURDERER MISTILLIT: Utvalsleiar Mikkel Grüner (SV) sit i kveld i møte med bystyregruppa i SV for å vurdere spørsmålet om mistillit mot skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap).

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Handteringa avgjerande

Mora til barnet fekk hjelp av Bergen kommune til å flytte, men reagerte på at prosessen tok tid.

– Eg er på vakt heile tida. Kvar gong eg høyrer ein lyd ute må eg ut for å sjekke, fortalde ho til NRK før dei hadde fått ein ny stad å bu.

For partia som skal ta stilling til om dei framleis har tillit til skulebyråd Linn Kristin Engø, vil eit hovudspørsmål vere om Engø har handtert denne saka godt nok etter at avvika blei kjend.

Engø har ikkje ynskja å uttale seg til NRK i dag.

Trym Aafløy

KRITISK: Trym Aafløy og dei andre bystyrerepresentantane frå FNB skal diskutere Vigilo-saka torsdag kveld.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Manglar evne til sjølvkritikk

Gruppeleiar for Folkeaksjonen nei til meir bompengar, Trym Aafløy, er ikkje imponert over verken det som kom fram i høyringa eller utspela til byrådsleiar Valhammer i etterkant.

– Eg trur ikkje dei har tatt inn over seg alvoret i saka. Evna til sjølvkritikk er minimal.

FNB sine 11 representantar skal diskutere mistillitsspørsmålet i kveld. Aafløy synest det er rart at Valhammer har stilt kabinettspørsmål før partia har konkludert.

– Det er ein underleg måte å styre Noregs største by på.

Frps Tor Woldseth kallar saka alvorleg. Han meiner den no har blitt belyst nok til at dei kan trekke ein konklusjon om mistillit eller ikkje i kveld.

Kan sitte til mars

Senterpartiet har også hatt gruppemøte i kveld, men dei kjem ikkje til å konkludera i saka i kveld.

Eit eventuelt mistillitsforslag må partia fremme i bystyret. Neste ordinære bystyremøte er 29. januar, men ei eventuell votering blir truleg fyrst i mars.

I teorien kan difor byrådet sitte heilt til mars-møtet, sjølv om det no skulle bli fleirtal for eit mistillitsforslag mot skulebyråden.

Sofie Marhaug (Rødt) i Bergen bystyre våren 2019

TILLIT: Raudt og Sofie Marhaug vil ikkje støtte eit mistillitsforslag.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK Hordaland

Raudt har tillit til skulebyråden

Raudt har allereie konkludert med at dei ikkje vil stille seg bak eit eventuelt mistillitsforslag mot skulebyråd Engø.

Raudt er kritisk til korleis kommunen har handtert data, og rettar kritikken særleg mot byrådsavdelinga for barnehage, skule og idrett.

– Men vi ser ikkje at mistillit vil løyse problema med datatryggleiken i Bergen, seier Sofie Marhaug til NRK.

Ho er ikkje overraska over at byrådsleiar Roger Valhammer har vald å stille kabinettspørsmål, men likar det ikkje.

– Eg synest ikkje det er rett. Det gjer det vanskelegare å vurdere saka for seg. Det er særleg synd i eit lokaldemokrati der vi har behov for å diskutere enkeltsaker på deira eigne premiss.