NRK Meny
Normal

Hogne (20) nær døden i russeulukke: – Ta vare på kvarandre i russetida

GRIEGHALLEN (NRK): Hogne Borgen Brekke (20) vart livstruande skadd då han stod på taket av ein russebuss gjennom Arnanipatunnelen i fjor. Fredag åtvara han årets russ i Bergen om ulukker.

Hogne Horgen Brekke og ambulansemann Jon-Kenneth Heltne

MØTTEST IGJEN: Hogne Borgen Brekke møtte fredag årets russ i Bergen, saman med anestesioverlege Jon-Kenneth Heltne, som var på vakt kvelden ulukka skjedde. Onsdag denne veka møttest dei to igjen for første gong sidan den fatale kvelden.

Foto: Christian Lura / NRK

– Ver forsiktige i russetida, seier Hogne Borgen Brekke til russen som har samla seg i Grieghallen.

Oppmodinga er basert på eigne erfaringar: Natt til 12. mai i fjor vart Brekke sjølv livstruande skadd då han stod på taket av ein russebuss gjennom Arnanipatunnelen på E16 i Bergen. Legane meinte han hadde liten sjanse til å overleve. På eit tidspunkt var han klinisk død.

arnanipatunnelen

ULYKKESSTADEN: Arnanipatunnelen på E16 vart stengd etter ulukka natt til 12. mai i fjor.

Foto: EVA CATHRINE BERGET
Hogne Brekke på sykesengen

PÅ SJUKESENGA: Hogne Horgen Brekke låg lenge på sjukehus, her er eit bilde frå tida på sjukesenga.

Foto: Privat

Eitt år seinare står 20-åringen scena på Norsk Luftambulanse sitt årlege møte med russen i Grieghallen. Her får russen møte fleire personar som har opplevd ulukker i samband med russefeiringa, og målet er å førebyggje trafikkulukker.

Sidan 1989 har Norsk Luftambulanse i samarbeid med Hordaland politidistrikt invitert russen til arrangementet om trafikktryggleik. Sidan den gong har 75.000 russ fått det med seg.

– Ingen trudde han ville overleve

Ved hjelp av anestesioverlege Jon-Kenneth Heltne i Luftambulansen fortel Brekke om ulukka.

– Eg var på vakt då vi fekk meldinga om ein russ som var alvorleg skadd. Vi tok han raskt med i ambulanse og køyrde han til Haukeland sjukehus, og situasjonen var veldig alvorleg. Det var ingen som trudde ein kunne overleve ein slik skade. Nevrokirurgen hadde aldri sett noko liknande, seier Heltne.

russebuss

BUSSEN: Hogne Borgen Brekke stod på taket av denne russebussen, då den køyrde gjennom Arnanipatunnelen.

Foto: KJETIL RYDLAND

Brekke vart funnen på busstaket av ein medruss. Han hadde skadar som indikerte at han hadde slått hovudet i tunneltaket. Nokre dagar etter ulukka, medan Brekke framleis låg livstrugande skadd på sjukehus, fortalde politiet at 19-åringen måtte ha treft ein gjenstand inne i tunnelen.

Etter nokre veker og fleire operasjonar gjorde Brekke framgang, og i juni 2016 vart han skriven ut frå Haukeland sjukehus og starta opptrening ved eit rehabiliteringssenter. I januar i år fekk han flytta heim.

Brekke er sjølv ordknapp under arrangementet i Grieghallen fredag, men har ein kort og klar appell til russen:

– Ta vare på kvarandre, kos dykk og lykke til i russetida.

Russearrangement i Grieghallen

FØREBYGGJE ULUKKER: 3000 russ var til stades i Grieghallen under Norsk Luftambulanse sitt årlege arrangement med mål om å førebyggje trafikkulukker.

Foto: Christian Lura / NRK

Sterke historier

Avgangselevane som møtte opp i Grieghallen fekk presentert fleire sterke historier. Ei av dei var om 18 år gamle Ida Havneraas Sandven, som omkom i ei trafikkulukke i Hemsedal i 2014. Sandven gjekk i andre klasse ved Nordahl Grieg videregåande skule i Bergen.

Tone Sandven

FORTALDE IDA SI HISTORIE: Tone Sandven fortalde om tapet av dottera (18) i Grieghallen fredag.

Foto: Christian Lura / NRk

– Ida sat fast inne i bilen, livlaus og lent framover. Ho låg fleire timar i ambulanse, med store skadar og blødingar. Dei fekk liv i henne undervegs, men ingen kontakt. Då eg kom til sjukehuset var det som å vere tilskodar i ein film, seier mor Tone Havneraas.

Ho har òg tidlegare år vore til stades på arrangementet i Grieghallen, for å fortelje historia.

– Då legen fortalde at Ida var død var det tusenvis av tårer, seier Havneraas.

Ho ber russen vere forsiktige under feiringa.

Siste video

Vestlandsrevyen 12. desember 2017
.....på kaien ventet familien.