Hopp til innhold

Høgt nederlag for nytt byråd i Bergen

Det ferske byrådet i Bergen gjekk i går på eit nederlag som verkeleg vil ruve i bybildet. Med støtte frå Ap gjekk Høgre og Frp inn for eit 50 meter høgt høghus ved den planlagde kunsthøyskolen på Møllendal.

Høghus Bergen

KAN BLI SLIK: Dette høge bustadbygget i Møllendal kan no bli ein realitet.

Foto: OPUS

Eg meiner dette bygget vil vera negativt for resten av området.

Byutviklingsbyråd Henning Warloe

Høghuset som ifølgje planane vil rage vel 50 meter over Store Lungegaardsvann har vore omstridt lenge. Så langt tilbake som i 2007 sa bergenspolitikarane nei til bygget, som den gongen skulle vera over 70 meter høgt.

Sidan 2006 har bystyret fem gongar gjort vedtak som ikkje tilrår høghus i området. Men no, berre to dagar etter at Smith-Sivertsen-byrådet tok over rådhuset, gjekk Høgre og Frp inn for å bygge høghuset. Byutviklingsbyråd Henning Warloe (H) åtvara mot planane, men til ingen nytte.

– Etter mitt syn øydeleggar det balansen og heilskapen i området. Det er andre utbyggarar i dette området som har halde seg til det som bystyret tidlegare har vedteke. Dei kan nok med rette føle seg litt skuffa i dag, seier Warloe.

LES OGSÅ: Krafttårn på veg

Fagetaten: – Negativt for området

Henning Warloe
Foto: Jon Bolstad / NRK

Sidan starten har bygget vorte presentert som eit miljøbygg. Ved hjelp av solenergi, vindkraft og jordvarme skal bygget produsera meir energi enn det brukar. Sidan 2006 er 20 meter og sju etasjar barbert vekk frå planane. Men det er ikkje nok for fagfolka i Bergen kommune:

«Eit høghus på Mølleneset er i strid, og bryt vesentleg, med gjeldande planar og vil etter fagetaten si vurdering vera negativt for utviklinga av Møllendalsområdet», heiter det i uttalen til fagetaten.

Byrådet har landa på den same konklusjonen.

– Eg meiner dette bygget vil vera negativt for resten av området. Eg er heilt einig i at me må bygga høgare i sentrale delar av Bergen, men då må det vera ein del av ein større plan, seier sitjande byutviklingsbyråd Henning Warloe.

– Nesten historisk

I tur og orden har dei til ei kvar tid sitjande byrådane uttrykt skepsis mot høgda på bygget. Byrådsleiarane Monica Mæland (H), Ragnhild Stolt-Nielsen (H) og Martin Smith-Sivertsen (H) har alle vore negative, det same gjeld byutviklingsbyrådane Lisbeth Iversen (KrF), Filip Rygg (KrF) og Henning Warloe (H).

Saman med Arbeidarpartiet gjekk i går byrådspartia Høgre og Framstegspartiet imot sitt eige byråd, og vende tommelen opp for dei høgreiste planane.

– Eg føler nesten at dette er litt historisk, me dristar oss til å støtta dei som kjem med dristige og visjonære planar for byen vår, sa Silje Hjemdal frå Framstegspartiet i innlegget sitt.

– Med mindre ein er imot å byggja her, så må ein gå for dette høghuset, sa Roger Valhammer frå Arbeidarpartiet.

Det planlagte høghuset

HØGHUS: Dette er det planlagde høghuset. Sjølv om bergenspolitikarane godkjenner byggeplanane, kan ikkje gå i gang utan vidare. Hordaland fylkeskommune har lagt inn motsegn mot planane; fordi høgda på bygget er i strid med gjeldande planar og frykt for at høghuset skal redusera verdien på kulturminne i området.

Foto: Illustrasjonsbilete

– Skapar tvil om at utbyggarar kan stole på kommunen

Harald Berge Breistein frå Kristeleg folkeparti var ein av dei som på møtet i går tok til orde for at prosjektet bør stoppast.

– Planen er i strid med heile fem tidlegare bystyrevedtak mellom 2007 og 2012. Dette har alle dei andre utbyggarane retta seg etter. Dersom me vedtek dette skapar me tvil om utbyggarar kan stola på kommunen, sa Breistein.

Tina Åsgård

– FEIL: – I dag synst me at det vert gjort ein alvorleg feil. Fleirtalet her i dag går inn for at ein utbyggar skal kunna forpurra eit heilt område, seier Tina Åsgård (SV).

Foto: Pressefoto / SV

Han fekk støtte av Venstre, Byluftlisten, Miljøpartiet Dei Grøne og Tina Åsgård og SV.

– I dag synst me at det vert gjort ein alvorleg feil. Fleirtalet her i dag går inn for at ein utbyggar skal kunna forpurra eit heilt område. Om me tillèt dette, seier me at folk ikkje skal ta planane våre på alvor, sa Tina Åsgård (SV)

– Eg vil ikkje at me skal seia ja til eit signalbygg, når me ikkje veit kva signal det sender, oppsummerte Lise Rakner frå Byluftlisten.

Motstandarane sår og tvil om miljøgevinsten av bygget, men Høgre sin gruppeleiar Dag Skansen meiner kritikarane tek feil.

– Me stiller krav til at dette faktisk vert eit miljøbygg. Eg stiller meg undrande til at miljøpartia ikkje ser dette, seier Skansen, som altså gjekk imot sitt eige byråd.

Fryktar kommunen får problem med andre utbyggarar

Byråd Henning Warloe fryktar at kommunen kan få problem med andre utbyggarar, som har planlagt med utgangspunkt i andre reglar. Mellom anna Statsbygg, som skal bygga den mykje omtalte Kunst- og designhøgskulen, eit steinkast unna høghustomta.

Eg føler nesten at dette er litt historisk. Me dristar oss til å støtta dei som kjem med dristige og visjonære planar for byen vår.

Silje Hjemdal (Frp)

– Statsbygg har varsla at dei ikkje vil akseptera dette. Eg fryktar ikkje at høgskulebygget ikkje vert bygd, men at Statsbygg vil vera mindre interesserte i å bidra til byromma, slik avtalen inneber, seier han.

I eit brev til kommunen skriv den statlege utbyggaren at høghuset vil «forkludra» planane om dei offentlege byromma knytt til skulebygget.

Sjølv om bergenspolitikarane godkjenner byggeplanane, kan ikkje gå i gang utan vidare. Hordaland fylkeskommune har lagt inn motsegn mot planane; fordi høgda på bygget er i strid med gjeldande planar og frykt for at høghuset skal redusera verdien på kulturminne i området.

No må saka truleg til mekling mellom kommunen og fylkeskommunen. Men fylkeskommunen har varsla at det ikkje er noko å henta på ei mekling.
Dermed kan Klima- og miljøvernforbundet få siste ordet i saka.