Hopp til innhold

Nielsen kan hamna i Strømsgodset

Denne sesongen tok han Nest-Sotra opp til 1. divisjon. No er David Nielsen på veg inn i trenarteamet til eliteserielaget Strømsgodset.

David Nielsen og Nest-Sotra nesten klare for 1. divisjon

GÅR TIL GODSET: David Nielsen skal vera høgaktuell for ein jobb i trenarteamet til Strømsgodset i Eliteserien.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Det er Bergensavisen som skriv at Nest-Sotra trenar David Nielsen møtte Godset-leiinga i Drammen onsdag. Den tidlegare fotballproffen er høgaktuell for ein trenarjobb i Strømsgodset, som denne sesongen kjempar om gullet i eliteserien.

– Vi ser alltid på moglegheiter for å styrke oss frå år til år, og vi ser på David Nielsen i eit trenarteam ja, bekreftar sportssjef Jostein Flo i Strømsgodset til avisa.

Han framhevar Nielsen si evne til å motivere, men vil ikkje sei akkurat kva rolle dansken kan få i trenarteamet.

– Handla ikkje om jobb

David Nielsen har levert gode resultat som trenar for Nest-Sotra. Denne sesongen han klubben opp i 1. divisjon.

Nielsen har tidlegare spelt for både Brann og Strømsgodset. Sjølv seier han at turen til Drammen ikkje handla opp jobbtilbod.

– Eg var der berre for å sjå på trening og få idear om korleis eg kan utvikle Nest-Sotra, seier han til BA.

Vil bli topptrenar

Nielsen har kontrakt med Nest-Sotra som varar ut denne sesongen. Klubben ynskjer å ha han med vidare.

På spørsmål om kva han svara om tilbodet kjem, svarar 36-åringen at det er eit spørsmål han må vege opp mot familien.

– For å sei det sånn; eg ynskjer å bli topptrenar, uansett, avsluttar han.