NRK Meny
Normal

Hobbyen redda John Olav Nilsen sin karriere

BERGEN (NRK): Han slepp nytt album, og opnar samtidig utstilling. Fotograferinga blei avgjerande for framtida til artisten John Olav Nilsen.

John Olav Nilsen aktuell med albumslepp og utstilling

MOTSTANDSPOP: John Olav Nilsen, som er aktuell med nytt album og foto-utstilling, meiner at det ligg ein viss motstand i den nye musikken hans. VIDEO: Tim Christian Wassmo.

– Før var det berre musikk og tekst. Hadde det ikkje vore for fotograferinga, er det ikkje sikkert at eg hadde gitt ut musikk igjen, seier albumaktuelle John Olav Nilsen.

I 2013 var det slutt for John Olav Nilsen & Gjengen. Berre fire år tidlegare slapp dei debutalbumet For sant til å være godt, som vann Spellemannspris for beste rockealbum. Bandet vaks til å bli eit av dei mest populære banda i landet, og dei gav ut tre album før dei tok ein pause, som viste seg å bli permanent.

Bandet blei ei påkjenning for John Olav Nilsen. Men det var aldri eit alternativ å slutta med musikk, spørsmålet var om han ville dela den eller ikkje.

– At eg har andre kanalar å uttrykka meg gjennom, gjer meg meir komfortabel med å dela musikken min. Eg er usikker på kvifor. Det kan du spørja ein fagperson om.

Smarttelefonen vekka interessa

John Olav Nilsen sit på Galleri GEO i Bergen. I dag held han albumslepp-fest her, men i morgon opnar fotoutstillinga for alle.

– Eg har alltid hatt ei interesse for fine bilde, men interessa for å fotografera kom med smarttelefonen min.

John Olav Nilsen rettar på bilde

GEO: John Olav Nilsen opnar fotoutstilling på GEO i Bergen.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Han fotograferer ikkje menneske, men liker bilde kor natur og menneskekonstruksjonar møtest. Utstillinga deler namn med det nye albumet, Nordsjøen, og er ein serie bilde kor motiva stort sett er statuar.

– Du ser ein slags melankoli som eg kan identifisera meg med. Ein melankoli som kanskje er litt norsk.

Går omvegar

Etter at Gjengen gav seg, har John Olav Nilsen fått tid til å dyrka andre interesser, og han har lært å kjeda seg igjen, sånn som han gjorde då han var barn.

– Når du kjedar deg, så jobbar hovudet. Du er ikkje avhengig av å få impulsar frå ein skjerm heile tida. Kunsten å kjeda seg verkar totalt fråverande i tida me lev i no.

Sidan det blei stille frå Nilsen i 2013 har han brukt mykje tid ute i naturen.

Eg var 30 år før eg omfamna den norske naturen. Men eg er glad for det no.

John Olav Nilsen

Nilsen har også lært seg å produsera og spela inn musikk.

– Eg har utforska nye måtar å laga musikk på, med trommemaskin og synthesizerar. Musikken må utvikla seg, elles er det ikkje så interessant for meg.

Det har gått fem år sidan førre albumutgiving, men no er han altså tilbake med trioen John Olav Nilsen & Nordsjøen. Gruppa består av Nilsen og dei to Gjengen-gitaristane Lars Eriksen og Einar Vågenes.

Den mest dedikerte fansen har kunna høyra resultatet frå samarbeidet før albumet blei sleppt, på ein butikk i Bergen sentrum.

– Me laga til lyttestasjonar, kor folk kunna ta på seg høyretelefonar og få ei lytteoppleving. Ein kunne høyra albumet, men utan moglegheit for å bytta song eller spola.

– Sat folk på rekke og rad for å høyra John Olav Nilsen og Nordsjøen?

– Det veit eg ikkje! Eg er såpass sjenert at når eg skal gjennom den gata, så går eg heller ein omveg. Men eg veit at folk er der og høyrer.

Vondt å høyra eigen musikk

Det nye albumet har stort sett fått god kritikk. P3 gav Nordsjøen ein firar, men elles er det trilla mange femmarar, blant anna frå VG, Aftenposten, Klassekampen og Bergens Tidende. For Nilsen betyr det ikkje så mykje om kritikken er god eller dårleg.

– Det verste er om folk ikkje synest noko om musikken. Det er jo døden.

Har du ein favorittsong på albumet?

– I går hadde eg det, ein som heiter Olympia. Det er ein finurleg delikatesse.

John Olav Nilsen inne i albumcover

KUNST: – Eg har alltid hatt ei interesse for fine bilde, men interessa for å fotografera kom med smarttelefonen min, seier Nilsen.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Han skal prøva å høyra albumet i sin heilskap i løpet av dagen. Men det tviler Nilsen på at han klarer, for han synest det er ubehageleg å høyra eigen musikk.

– Eg høyrer så mykje på musikken når eg lagar den at eg blir litt blind etter kvart. Då legg eg den frå meg, men når eg skal plukka det opp igjen, så blir det ofte for nært.

Eg får inntrykk av at veldig mange musikarar elskar å høyra på sin eigen musikk. Dei er heldige, dei. Men eg synest at det er ubehageleg.

John Olav Nilsen

Bergensartisten trur han ville vore fan om han kunne høyrt på musikken sjølv.

John Olav Nilsen & Gjengen.

GJENGEN: Bandet Gjengen vaks til å bli eit av dei mest populære banda i landet, og gav ut tre album.

Foto: Magnus Knutsen Bjørke / Bandbilde

John Olav røper seg

Nordsjøen begynte å ta form for rundt eitt år sidan. Etter at Gjengen blei historie i 2013, fortsette frontfiguren og dei to gitaristane å møta kvarandre i studio.

Det var aldri meininga å starta opp eit nytt prosjekt.

John Olav Nilsen

Dei møttest som vener for å snakka og høyra på musikk. Men etter kvart som Nilsen lærte seg å spela inn musikk, begynte trioen å spela inn for å fanga opp idear.

– Rundt nyttår i fjor hadde me plutseleg fire veldig sterke songar. Desse var så sterke at eg skjønte at eg måtte setta dei inn i ein kontekst.

Resultatet blei John Olav Nilsen & Nordsjøen, og den nesten sjølvtitulerte plata, Nordsjøen.

– Eg har sete på namnet Nordsjøen lenge. Det kjem frå ein song som eg laga for nokre år sidan, men som ikkje er gitt ut.

Nilsen liker normalt ikkje å snakka om songane sine, men til NRK røper han at fem sekund av songen er lagt inn i ein annan song på albumet, Her inne er det høst hele året.

Konsertar er mest slit

Då John Olav Nilsen spelte med Gjengen, så valde han å kalla musikken deira for gatepop. Nilsen nekta å tru at nokon andre kunne definera musikken deira betre enn han sjølv.

Han definerer Nordsjøen sin musikk som motstandspop.

– Det ligg ein viss motstand der. Motstand mot den tida me lev i, mot oss sjølv, og mot det me har gjort før. Det er ein bra sjangerbeskriving, seier Nilsen.

John Olav Nilsen Øyafestivalen 2013

ØYA: John Olav Nilsen på Øyafestivalen i 2013.

Dei er berre tre personar i studio, men på turneen som startar i Trondheim 4. mars, skal dei ha med seg fleire musikarar. Nilsen både gleder og gruar seg til å spela konsertar igjen, for konsertane er ei påkjenning for han.

– Eg fryktar reisinga og ventinga. Det var noko eg hata tidlegare.

Men det skal bli lettare denne gongen. Med foto-interessa kan han fylla tida si med noko anna enn å stira i veggen.

– Er konsertar mest kjekt, eller mest slit?

Nilsen ser ut i lufta mens han tenker seg om.

– ...Mest slit. Det er ein enorm følelse av tomheit etterpå, og den kan vera litt tung. Men når den går over, så kjem det ein slags lykkerus, forhåpentlegvis...

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.