NRK Meny
Normal

Hjelp NRK med å plassera 10.000 Norge Rundt-reportasjar

No kan du kan finna igjen alt Norge Rundt har sendt, og samtidig hjelpa NRK. – Me inviterer hele Norge til dugnad, seier redaksjonsleiaren for 40-årsjubilanten.

Lise May Spissøy og Norge Rundt-kartet

HEILE NORGE: Redaksjonssjef Lise May Spissøy vil ha din hjelp til å plassera Norge Rundt-reportasjar på akkurat rett plass i NRK sitt nye kart.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

NRK-programmet med folket og distrikta i sentrum har rulla på norske TV-skjermar i ein halv mannsalder. Sidan første sending 2. oktober 1976 har redaksjonen laga 10.223 reportasjar frå alle Norges kommunar – utanom ein.

Alle desse innslaga er no lagt inn i eit kart på nrk.no, der du kan leita deg fram til Norge Rundt-innslag frå heimtraktene dine.

Det unike kartet viser mellom anna at Norge Rundt mange gonger har vore langt utanfor landets grenser – og at éin kommune aldri har hatt programmet på besøk.

Norge Rundt-kartet

VERDSKART: Norge Rundt har vore verda rundt.

Du kan hjelpa

– Men me treng hjelp. Me har automatisk plassert innslaga, men det har ikkje vore mogleg å plassera alle 10.000 innslaga nøyaktig der dei blei filma. Det ville ha vore ein altfor stor jobb for redaksjonen, seier redaksjonsleiar Lise May Spissøy.

Ved å trykkja på ein knapp kan lokalkjende enkelt flytta innslag til rett plass.

Spissøy er stolt av kartet som har vore i støypeskjea ei stund, men som er lansert i høve 40-årsjubileet.

– Det gjev eit veldig interessant bilete av kven nordmenn er og har vore gjennom 40 år av vår nære historie, seier Spissøy.

Og lurer du på kva for kommune Norge Rundt ikkje har besøkt? Det vil ikkje Spissøy seia noko om – enno.

– Den overraskinga sparer vi til jubileumssendinga 9. desember, seier ho.

Lise Sæther Schindler var med i Norge Rundt i 1993. Nå kan hun og alle andre som har vært med i programmet finne seg selv i NRKs nye Norge-Rundt kart.

SE VIDEO: Lise Sæther Schindler var med i Norge Rundt i 1993. Nå kan ho og alle andre som har vore med i programmet finne seg sjølv i NRKs nye Norge-Rundt kart.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.