Hopp til innhold

Raudgrøn rekord i skulenedlegging

Ikkje sidan 50-talet har fleire norske grunnskular blitt nedlagt. – Det er jo eit paradoks at kommunane skuldar på pengemangel når landet aldri har vore rikare, seier forskar.

Slutt etter hundre år?

HAMRE SKULE, OSTERØY: 100 år lang skuletradisjon kan gå mot slutten på Hamre. Dei siste åra blir 55 skular lagt ned i snitt per år, noko som er historisk høge tal. Osterøy Kommune har vedtatt å legge ned halvparten av kommunens åtte skular. – Vi planlegg allereie privat grunnskule dersom vedtaket blir iverksett, seier Hamre Grendalag.

Foto: Ole Jan Aarvik

– Mens staten på 50-tale la ned småskular på bygda fordi ein tenkte at det styrka kvaliteten på utdanninga, gjer norske kommunar det i dag for å spare pengar, seier seniorforskar Jan Karl Solstad ved Nordlandsforsking.

LES ÒG: – 550 skular lagt ned dei siste ti åra

Karl Jan Solstad (Nordlandsforskning)

FORSKAR PÅ SKULENEDLEGGING: Karl Jan Solstad ved Nordlandsforskning har forska på skulenedlegging sidan 70-talet, og seier auken dei siste åra manglar sidestykke sidan etterkrigstida.

Foto: Nordlandsforskning

Ikkje sidan etterkrigstida har fleire norske skular blitt nedlagde. Den gongen var det staten som styrte skulane, i dag er det kommunane sjølv som avgjer skulestrukturen.

– Ansvaret har blitt flytta nedover frå stat til kommune. Dermed blir det ei løysing for kommunepolitikarar som er pressa på pengar å kvitte seg med skular. Det er jo eit paradoks at ein gjer det av pengemangel i dag, når landet aldri har vore rikare, mens ein på femtitalet slett ikkje tenkte at skule skulle løna seg økonomisk, seier Solstad.

Rekordmange skular lagt ned

Det er ikkje lenge sidan NRK.no fortalde om Liljevatnet skule i Fjell kommune på Sotra utanfor Bergen (Sjå video nederst i saka).

Skulen er under ti år gamal, men står likevel snart tom dersom politikarane i Fjell får viljen sin.

Liljevatnet skule

SOTRA: Liljevatnet Skule i Fjell utanfor Bergen er berre åtte år gamal. Likevel vil politikarane no legge ned skulen, trass krasse protestar frå foreldra, som kallar det heile eit kynisk, politisk spel.

Foto: Fjell kommune


I åra mellom 2002 og 2013 blei 550 norske grunnskular lagt ned. I tiårsperiden før, mellom 1993 til 2002, var talet i overkant av 300.


Dermed har dei siste ti åra, hovudsakleg styrt av den raudgrøne regjeringa, sett ny norsk rekord i skulenedlegging.

– Det er kommunane sjølv som veit best kor mange skular dei treng og korleis dei styrer pengane sine, seier Elisabeth Dale, statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Ho meiner massiv skulenedlegging kan vera god raudgrøn politikk.

Elisabeth Dahle (SV)

MED HJARTE FOR HEILE LANDET: Elisabeth Dale (SV) er statssekretær i Kunnskapsdepartementet. Ho meiner kommunane sjølv er best eigna til å bestemme kor mange skular dei bør ha.

Foto: SV

– Regjeringa har auka inntektene til kommunane kraftig dei siste åra, slik at dei har svørt gode vilkår for å skapa ein kvalitetsskule, seier Dale.

Les heile rapporten til Utdanningsdirektoratet om skulestruktur her.

Vestlandet og Nord-Noreg verst ut

Det er i grisgrendte strøk, spesielt langs vestlandskysten og i Nord-Noreg, at det dei siste tjue åra har forsvunne flest skular. Det har igjen ført til ein kraftig auke i talet på private grunnskular, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Osterøy kommune er blant dei som har lagt ned fleire småskular, og nyleg vedtok Heradsstyret å leggja ned halvparten av kommunen sine åtte grunnskular.

Skulegarden på Hamre i Osterøy kommune

SNART STILLE: Dersom politikarane i Osterøy kommune får bestemma, blir det snart slutt på leiken i denne skulegarden.

Foto: Ole Jan Aarvik / Hamre Skule

Hamre Skule på Osterøy er blant dei som har fått domen. Men her gir dei seg ikkje utan kamp.

– Visst kommunen legg ned skulen, satsar vi på å starta opp privatskule her, seier Veronica Orvedal-Kiil, mor til ein av elevane ved skulen og leiar i Hamre Grendalag.

Mange fleire privatskular

Bygdefolket på Hamre er ikkje åleine om å ville starte opp eigen, privat grunnskule når den offentlege forsvinn. Ei anna Osterøy-bygd, Hjellvik, har planar om det same.

LES ÒG: – Skulenedlegging er eit kynisk spel, meiner foreldre

Under den raudgrøne regjeringa sitt styre, har talet på privatskular nærast eksplodert. Spesielt dei siste to åra har talet auka kraftig, og dei ferske tala frå Utdanningsdirektoratet viser at halvparten av alle nye skular er private.

Ikkje lenger berre "småskulane" som forsvinn

Foreldre i kommunestyremøte i Fjell

FJELL: Stemninga var svært opprørt blant foreldre i Fjell på Sotra då kommunestyret vedtok å utsetja vedtaket om nedlegging av fleire skular til juni. Nesten 400 elevar kan mista nærskulane sine. Osterøy og Fjell er blant kommunane på Vestlandet som vil leggja ned flest grunnskular.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi ser at mens det for nokre år sidan stort sett var dei veldig små skulane med sviktande elevgrunnlag som blei nedlagde, er det no fleire stader der elevgrunnlaget er i vekst som òg forsvinn, seier forskar Karl Jan Solstad.

Liljevatnet Skule i Fjell er eit døme på nettopp dette. Skulen ligg i eit område der elevtalet er i vekst. Den er heller ikkje meir enn eit par år gamal. Likevel skal den altså etter planen leggjast ned, noko foreldre reagerer sterkt mot.

– Mange kommunar brukar argument som at kvaliteten er dårlegare på mindre skular, men det finst eigentleg ikkje veldig god forsking på dette her i landet, seier Solstad, og legg til at det heller ikkje finst tal på kor mykje pengar kommunane som legg ned skular, faktisk tener på det.

– Ein sparar jo pengar på eit pressa kommunebudsjett på kort sikt, men på lenger sikt trur eg nok at mange får minst like store utlegg på å utbetra større skulebygg der skular blir slått saman. Ikkje minst utgjer transport til og frå skulen òg eit stort samfunnsøkonomisk poeng, seier han.

  • Kva meiner du om at fleire skular blir lagt ned? Skriv di meining i kommentarfeltet!
Foreldra rasar etter at Fjell kommune igjen utsette nedleggingsvedtak i kommunen.

Sinte foreldre etter skulekrangel i Fjell