Hopp til innhold

Historias dyraste oljesøl

Oljevernaksjonen etter Server-ulykka er historias mest kostnadskrevjande etter skipsforlis i Noreg.

Oljegris etter Server

200 MILLIONAR TIL NO: Etter Server-forliset i januar i fjor, blei det funne olje på strender over eit 200 kilometer langt område. Til no har det kosta 200 millionar å rydda opp, men den endelege sluttsummen er ikkje klar.

Foto: MMS:Karoline Kalstveit / NRK

Kystverket og det interkommunale utvalget mot akutt oljeforurensning (IUA) la torsdag fram evalueringsrapporten om aksjonen i Bergen torsdag.

Server forliste utanfor Fedje 12. januar 2007.

- Vil læra av dette

Oljevernaksjonen etter Server-forliset gjekk betre enn oppryddinga etter Rocknes tre år tidlegare, meiner Kystverket og andre involverte myndigheter.

- Server-aksjonen var Norges største oljevernaksjon. Vi har vurdert kva vi gjorde bra og kva vi gjorde dårleg, og vi har funne begge delar. Vi vil læra av det. Dette blir nok ikkje den siste oljevernaksjonen i Noreg, sa kystdirektør Kirsti Slotsvik.

Rydda 40 kilometer strandsone

Totalt er det brukt kring 15 000 dagsverk i oljeoppryddinga langs strendene frå Fjell kommune vest for Bergen til Stadt. Langs denne kyststrekninga er det gjennomført strandreinsing etter oljesøl på kring 240 stader langs over 40 kilometer strandsone.

Det kypriotiske lasteskipet slapp ut kring 500 tonn olje, og det blei funne oljeforurensning på strender over eit 200 kilometer langt område.

Kystverket er nøgde

Kystverket avsluttar no oljevernaksjonen, og er nøgde  med oppryddingsarbeidet. Dei er særskild nøgde med at det ikkje er meldt om alvorlege personskader i løpet av aksjonen.

Ansvar, roller og oppgåvefordelinga under aksjonen fungerte etter intensjonane, meiner Kystverket. Men dei vil i ettertida vera meir tydelig på den administrative styringa av aksjonen etter akuttfasen.

Pressekonferanse Server

FORNØYDE:Havnedirektør i Bergen, Gunvald Isaksen, kystdirektør Kirsti Slotsvik og beredskapsdirektør i Kystverket, Johan Marius Ly var fornøyd med aksjonen etter Server-forliset.

Foto: MMS-foto: John Gunnar Skien / NRK

Er sjølvkritiske

Beredskapsdirektør Johan Marius Ly sa at oppryddingsaksjonen hadde gått bra.

- Det kan gjerast ein del administrative forbetringar og Kystverket tar sjølvkritikk på at dei var for lite synlege i begynnelsen av aksjonen. Kystverket har utarbeidd ein ny beredskapsplan der erfaringene frå Server-aksjonen er innarbeida. Men den største utfordringen under aksjonen var vêret, og det er det ikkje mykje å gjera med, framholdt Ly.

Naturen klarar seg

Forskningssjef Merete Moldestad i SINTEF opplyste at Server inneholdt 676 kubikkmeter olje ved grunnstøtinga. Av dette blei kring 139 kbm pumpa ut, på sjøen ble det samlet opp 33 kbm og strandaksjonen resulterte i 104 kbm oppsamla olje. Rundt 20 tonn er att i vraket.

- Rundt 380 kubikkmeter hamnet i det maritime miljøet. Vi trur naturen sjølv klarer å bryte ned dette, sier Moldestad.

Hennar kollega ved SINTEF, Alf G. Melbye, har undersøkt virkningane på fugl, fisk og andre levende artar. Han fortel at forskarane no antar at mellom 3200 og 8000 sjøfugl døydde som følge av utsleppet.

- Server-utsleppet aleine trugar ikkje fuglelivet, men saman med andre forhold kan det gjera store innhogg i fuglebestandene, konkluderar forskarane.

Oljerydding etter Server

RYDDET 40 KM STRANDSONE: Forskere mener naturen selv klarer å bryte ned de 380 kubikkmeterne med olje som ble liggende igjen i fjæren.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK