Hopp til innhold

Historia om Odd Frantzen er ein hit. I Spania.

Kvifor vil spanjolar lesa om fotballspelaren og bergensaren Odd Frantzen, 39 år etter han døydde?

Odd Frantzen

GLØYMD: Dei fleste hadde gløymd historia om Odd Frantzen, bergensaren på landslaget som lurte Hitler. No har spanjolane fått lesa om han på sportssidene.

Foto: Privat

Fleire spanske media har gjenfortald historia om Odd Frantzen, bergensaren på bronselaget som slo Hitlers menn i fotball under OL i Berlin i 1936.

Dei fleste hadde gløymd lagnaden til mannen som spelte på fotballaget Hardy i Bergen, og som var mellom dei store på landslaget like før andre verdskrigen.

Historia blei kjend gjennom ein artikkel, radioserie og TV-innslag i NRK i august.

Storavis

elpais

I SPANIA: El Pais 1. september

Foto: FAKSIMILE

Frantzen blei drepen i Bergen i 1977 etter eit hardt liv prega av alkoholisme og ein yrkesskade som førte til at han måtte amputera foten.

Dei siste dagane har fleire spanske medium plukka opp saka. Den fekk stort oppslag i papir- og nettutgåva til El Pais, den største avisa i Spania. Dei har óg publisert ein video i sosiale media. Óg andre spanske media har omtalt saka.

Det er ikkje tilfeldig, trur Knut Hermundstad Aukrust, professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo med Spania som spesialitet.

Knut Aukrust

SPANIA-EKSPERT: Professor Knut Aukrust trur spanjolanes nyvunne interesse for borgarkrigen er årsaka til at dei likar historia om fotballspelaren som lurte Hitler.

Foto: Cathrine Elnan

Hugsar Norge

– Eg merka meg óg saka om fotballspelaren som lurte Hitler. Når den slår an i Spania no, har det truleg samanheng med 80-årsmarkeringa for den spanske borgarkrigen, seier Aukrust til NRK.

Medan Hitler inviterte til OL i Berlin, slost Francos fascisthær mot regjeringsstyrkane i Spania. Dei vann borgarkrigen og innførte eit diktatur som varte til Francos død i 1975.

– Dei demokratiske kreftene i Spania stod ganske åleine, men eitt folk hjelpte til, og det var nordmennene. Mellom anna var bergensaren Nordahl Grieg i Spania og slost mot Franco, seier Aukrust.

Men fleire frå Bergen stilte opp:

– Ei mindre kjend historie er at mange arbeidarar frå Bergen støtta kampen mot Franco, betalte ti øre av lønna kvar dag til innsatsstyrkane, seier Aukrust.

Odd Frantzen skårar sitt første landslagsmål

MÅL: Odd Frantzen skåra sitt første landslagsmål, mot Danmark på Ullevål i 1936.

Foto: Ukjend / Fotosamlinga etter Betty Frantzen

Blir utstilling

Pengane frå Bergen finansierte mellom anna eit feltsjukehus i Alcoy og barnekoloniar i Valencia, fortel professoren.

– Dette er ei lite kjend historie, og ho var forbode under Franco-tida. Men no er spanjolane opptekne av å henta fram historiene frå borgarkrigen i samband med 80-årsmarkeringa, seier Aukrust.

Derfor trur han spanjolane trykkjer Frantzen som lurte Franco-venen Hitler, til sine fotballbryst.

– Historia minner spanjolene om Norges støtte til kampen mot Franco, seier Aukrust.

Saman med kollega Dorte Skulstad skal Aukrust opna ei utstilling om Norges hjelp til Spania under borgarkrigen.

Den vil bli vist óg i Bergen, på Hovudbiblioteket, oppunder jul.

Den norske journalisten Kristin Suleng skreiv saka for El Pais. Ho trur kombinasjonen av fotball, suksess, alkohol og valdeleg død interesserer spanjolane meir enn politikk.

«Men det er nok riktig at interessen for borgerkrigen og annen verdenskrig har økt i de siste årene», skriv ho.