Hopp til innhold

Hetsar nynorsk i bergensskulen

Spynorsk Mordliste på timeplanen. Språkekspert kallar det respektlaust.

Nynorsk

Lærar kalla nynorsk ordlista for spynorsk mordliste.

Foto: Stephan Reis / NRK

«Måndag - Tentamen. Nynorsk. Ta med Spynorsk Mordliste, mat og drikke og elles alt du treng».

Dette stod på timeplanen til ein klasse på Gimle ungdomsskole i Bergen i forrige veke. Beskjeden vart sendt ut på den digitale læringsplattformen, It's learning. Den uheldige kommentaren skapte reaksjonar, både hjå elevar og foreldre.

Spynorsk mordliste

Denne uttalinga får både elevar, foreldre og eksperter til å reagere.

Meint som ein spøk

Ein elev sendte denne beskjeden til læraren:

«Jeg var på lekseplanen tidligere idag og vi her hjemme reagerte på noe som stod der. «Spynorsk mordliste» hadde noen skrevet, går ut i fra at det ikke er en lærer som har skrevet dette. Om det er en elev eller andre som har gjort det, kan de også ha forandret mer enn lekseplanen.»

Og dette var svaret eleven fekk:

«Det var ment som en (dårlig?) spøk fra xxxx. Noen elever hadde tagget «Spynorsk mordliste» på ordlisten hennes for noen år tilbake... Vi snakkes i morgen!»

Læraren som kom med utsagnet har beklagd seg overfor klassen, og vil ikkje la seg intervjua. Men ho seier til NRK at det heile var ein spøk - og ein bagatell.

LES ÒG: – Politiet er for dårlig i nynorsk | - Fryktar represaliar | Bokmålsboom på strilalandet

– Ikkje overraska

Nestleiar i Studentmållaget i Bergen, Martin Årseth, er einig i at alle av og til har lov til å tabba seg ut, men er ikkje overraska:

– Me har fått tilbakemelding frå fleire hald om dårlege haldningar, og at dei vert spreidd av lærarane, seier han.

Måndag - Tentamen. Nynorsk. Ta med Spynorsk Mordliste, mat og drikke og elles alt du treng

Bergenslærar
Filip Rygg (KrF)

Filip Rygg: – Lite morosamt.

Foto: Kristian Ervik / NRK
Jon Peder Vestad

Jon Peder Vestad reagerer sterkt.

Foto: NRK

Han meiner det er lite å bede om at nynorsk vert behandla med same respekt som andre fag.

– Det fyrste inntrykket dei får av nynorsken er at lærarane er uengasjerte og at dei ikkje likar det. Og når ein er i tenåra, så høyrer ein på lærarar. Dei er er autoritetspersonar, seier han.

– Dette er uheldeg

Skulebyråd i Bergen, Filip Rygg, synes heller ikkje spøken var så veldig morosam, men i motsetning til Årseth trur han lærarar i Bergen stort sett ikkje har negative haldningar til nynorsk.

– Nei, det var ikkje ein veldig morosam spøk, seier Rygg.

– Er det Bergen kommune sin offisielle språkpolitikk?

– Nei, me kan vel vera einige om at det var lite heldeg.

– Respektlaust

Ein som reagerer langt sterkare er Jon Peder Vestad. Han er er fagbokforfattar, språkekspert og underviser ved Høgskulen i Volda.

– Eg kunne omtrent ikkje tru mine eigne øyrer. At ein lærar som skal lære vekk eit fag kan syne ei så repektlaus haldning, seier Vestad.