Hopp til innhold

Friele med hemmelege oppkjøpsplanar

Etter kaffisalet i fjor sat Herman og dottera Birgitte Friele igjen med 445 millionar kroner. No har erkebergensaren planar om å overta eit næringsmiddelselskap på Austlandet.

Herman Friele

VIL KJØPE: Herman Friele vil bruke pengane frå kaffisalet på å kjøpe eit selskap på Austlandet.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Kva selskap han er i forhandlingar med er er førebels hemmeleg, men Friele kan likevel kome med nokre hint om selskapet han no er i forhandlingar med.

– Dei produserer noko du kan stappe i munnen, gjerne eit par gongar i veka, fortel Friele.

– Er det sunt?

– Det er to produktgrupper. Ei av dei er fiskeorientert, og det er jo veldig sunt. Det andre ikkje så sunt, men veldig, veldig godt, seier ein hemmelegheitsfull Friele til NRK.

Vil flytte aktivitet frå øst til vest

Det var Finansavisen som først meldte at Friele var i samtalar om å overta eit næringsmiddelselskap.

Ingen av selskapa har base i Bergen, men Friele håpar eit eventuelt oppkjøp likevel skal skape aktivitet ut frå byen.

– Dei store mengdene av arbeidsplassar vil det ikkje bli, men vi ønskjer at selskapa skal flytte si leiing til Bergen, fortel Friele.

Nokre av avgjerslene som har blitt tatt etter salet er eg svært einig i, andre ville eg gjort litt annleis.

Herman Friele

Friele meiner det viktigaste er at selskapet har base i Norge, men vedgår også at han er litt ekstra opptatt å ha leiinga nær seg i Bergen.

– Norge har berre fem millionar innbyggjarar, og Bergen er ein liten del av Norge. Det er ikkje sånn at selskapet absolutt må vere i Bergen, men eg likar det best, for då har eg best styring på det, seier Friele.

Rundt 50 tilsette

Eit av selskapa held til på Austlandet og har rundt 50 tilsette, og ei omsetning på rundt 200 millionar kroner. Arbeidsplassane vil blir værande der dei er i tilfelle eit Friele-oppkjøp.

– Nettoresultatet er ikkje så veldig godt. Målet er å gå inn og forbetre lønsemda og ekspandere selskapet med fleire arbeidsplassar, seier Friele.

Førebels kan ikkje Friele seie nøyaktig når ein får vite kva selskap bergensaren kjøper opp, men det kan ta frå eit par veker til eit par månader.

– I alle forhandlingar er det mykje som skal passast på. Seljaren skal få ein akseptabel pris, arbeidsplassane skal takast vare på og det skal vere mogelegheiter for å ekspandere bedrifta, fortel Friele.

– Vi held oss i ein bransje vi kan

Friele har valt å halde seg innanfor næringsmiddelindustrien som han allereie har kompetanse frå.

– Dette er ein bransje vi kan, og vi har kjennskap til dei store aktørane i daglegvarebransjen, seier Friele.

Friele og dottera Birgitte sat igjen med 445 millionar kroner etter salet av kaffiselskapet Friele. Det har ikkje vore lett å finne ut korleis ein på ein god måte kunne setje pengane i arbeid igjen etter salet.

– Det er mykje vanskelegare, det, enn når dei bundne opp i kaffihuset. Når kapitalen blir synleg ved eit sal, så gjeld det å investere slik at den bli forsiktig ivaretatt, og den skal også helst vere i aktivitet med mogelegheit for skape fleire arbeidsplassar. Det er det vi ønskjer, fortel Friele.

Trakk seg frå eit anna selskap

Tidlegare i år var Friele også i forhandlingar med eit anna selskap. Her valde han å trekke seg ut, då han meinte risikoen ved selskapet var for høg.

Dei er jo verdsmeistrar heile gjengen, så eg er svært forsiktig der.

Herman Friele

– Vi forhandla i eit halvt år, men valte til slutt å trekke oss ut, seier Friele.

Trass i at Friele framleis er styreleiar i Friele, og går på jobb der kvar dag, vedgår han at han nokre gongar saknar litt å sitte ved roret.

– Når du ikkje er hovudaksjonær lenger, så har du ikkje same påverknad. Nokre av avgjerslene som har blitt tatt etter salet er eg svært einig i, andre ville eg gjort litt annleis, seier Friele.

Mange kapitalplasserarar tok kontakt

Det har ikkje vore stor pågang frå gründerar og selskap for å få tak i kapitalen som stod fri etter Friele-salet.

– Litt, men ikkje mykje. Det er stort sett kapitalplasserarar. Dei er jo verdsmeistrar heile gjengen, så eg er svært forsiktig der. Eg har varsemdsplakaten framfor meg heile tida, seier Friele.

Etter eit eventuelt kjøp vil det framleis vere ein god del av potten frå kaffisalet som vil står i fond og andre plasseringar.