Hopp til innhold

Herifrå ser du til 34 kommunar

Har du nokon gong lurt på kva du kan sjå rundt deg frå fjelltoppen? Det får du no hjelp til frå Veten, det høgaste fjellet i Sund.

Veten i Sund

SIKT MED LYREN: Slik kan du sikte og lese av kva du ser i det fjerne.

Foto: André Marton Pedersen/Bergen og Hordaland turlag

– Veten er eit turmål som blir veldig mykje brukt her i kommunen, men dette trur eg vil gjera at endå fleire tek turen, seier Fredrik Mortensen, leiar i Sund Turlag.

Det er i alle fall håpet, etter at «siktepunktet» blei avduka på fjelltoppen søndag. Siktepunktet har inngravert ei rekkje stadnamn og fjell ein kan få auga på frå Veten. Sjølv om toppturen ikkje går høgare enn 284 meter over havet kan ein på ein godvêrsdag sjå fjell i 34 ulike kommunar frå Haugesund i sør, Gulen i Nord og Folgefonna i aust.

– Den inste sirkelen syner stader du kan sjå i kommunen vår, medan den ytre sirkelen syner det ein kan sjå utanfor kommunen, fortel Mortensen.

Veten i Sund

AVDUKING: Søndag var installasjonen på fjelltoppen klar.

Foto: André Marton Pedersen/Bergen og Hordaland turlag

Avslutningsturen i jubileumsåret

Fredrik Mortensen

– HÅPAR DET INSPIRERER: Fredrik Mortensen, leiar i Sund Turlag, trur langt fleire vil ta turen til Veten i Sund, etter at siktepunktet er kome opp.

Foto: André Marton Pedersen/Bergen og Hordaland turlag

Vel hundre personar var med på avdukinga som blei feira med Luciatog på veg oppover, og Lussekattar vel framme.

Turen til Veten var den siste av dei arrangerte turane til Bergen og Hordaland Turlag i organisasjonen sitt 125-årsjubileum.

– Målet med eit slikt siktepunkt er at folk skal bli litt betre kjend med det dei kan sjå herifrå. Vi har fått spørsmål om dette, og er blitt inspirert av andre som har hatt dette, fortel turlagsleiaren.

Her er fjelltoppen Veten (284 m.o.h.):

Veten i Sund