Hopp til innhold

Her vart 41 køyretøy avskilta på staden

Vegvesenet tok rekordmange med skanner. – Det er oppsiktsvekkjande at same feilen går att.

41 biler tatt i kontroll på Juvik på Askøy

Køen vart lang av avskilta bilar då Vegvesenet hadde storkontroll på Askøy.

Foto: Statens vegvesen

Det var torsdag at Statens vegvesen kontrollerte til saman 3356 køyretøy ved hjelp av skiltskanning på Juvikflaten på Askøy.

Av desse vart 41 avskilta på staden.

– Dette er rekord her hjå oss, seier inspektør og kontrolleiar hjå Statens vegvesen i Bergen, Lars Harald Drange. Distriktet strekk seg frå Bjørnafjorden i sør til Sognefjorden i Nord.

– Eg har ikkje høyrt om liknande tal i regionen eller Noreg tidlegare, fortel han.

Manglar godkjent EU-kontroll

Seksjonssjef for køyretøy i Bergen, Tommy Alsaker, fortel at det var fleire grunnar til at bilane vart avskilta.

– Det var varierande grunnar til at bilane vart avskilta, men 37 av bilane hadde ikkje godkjent EU-kontroll. To av bilane var i så dårleg stand at det ikkje ville vere forsvarleg å la dei køyre vidare. Dei fekk køyreforbod, seier han.

Drange meiner det er oppsiktsvekkjande at same feil dukkar opp hjå så mange.

– Mange fortel at dei har gløymd å EU-kontrollere køyretøyet, og mange har kontrollert, men ikkje fått kvittering på det, seier han.

Han fortel også at ein del av verkstadane ikkje har gjort jobben sin med å sende inn godkjente kontrollar.

– Desse kjem vi til å ta kontakt med og følge opp vidare, seier Drange.

Kontroll av kjøretøy på askøy i Hordaland

Her på Juvikflaten på Askøy sette Statens vegvesen ny rekord i avskilting.

Foto: Statens vegvesen / Lars Harald Drange

Som å køyre med solbriller om natta

15 bilistar fekk med seg skriftleg mangelsetel for manglar som må rettast opp i og etterkontrollerast. Mange av dei som vart stoppa hadde ulovleg solfilm på vindauga framme i bilen.

– Dette er ulovleg og farleg. Det vert nesten som å køyre med solbriller om natta, seier Drange.

Alsaker fortel at slike kontrollar er noko dei gjennomfører med jamne mellomrom, og at dei som regel stoppar ein del bilistar.

– Dette viser at det er eit stort behov for denne typen kontrollar.

Bra beltebruk

Alsaker fortel at Statens vegvesen har nullvisjon når det kjem til kontrollar og trafikktryggleik.

– Vi ser at det er naudsynt å fokusere på dette vidare, men håpar sjølvsagt å få ned tala.

Vegvesenet sjekka også tryggleiken inne i ein del av køyretøya. Av 2450 bilistar var det berre to som fekk gebyr for å ikkje bruke bilbelte. Det er Alsaker nøgd med.

– Vi synest det er flott å sjå at folk generelt er flinke til å bruke bilbelte i trafikken.