Hopp til innhold

Her tek E16 eitt liv kvart tredje år

Nær 50 menneske har blitt skadde eller drepne i trafikkulukker på E16 ved Stalheim dei siste femten åra. Snart veit Vegvesenet om dei får bygga ny tunnel på strekningen.

To personar omkom i trafikkulukke ved Stalheim E16 i 2013

DØDSULUKKE: To personar omkom i ei trafikkulukke på E16 ved Stalheimtunnelen i 2013. Strekningen er svært ras- og ulukkesutsett, og Vegvesenet håpar dei snart får bygga ny tunnel.

Foto: Ørjan Brattetveit / Avisa Hordaland

Samstundes som regjeringa vil bruka over 30 milliardar kroner på ny E16 mellom Voss og Bergen, står utfordringane i kø også nokre kilometer lenger aust på europavegen.

2016 var berre eit halvt døgn gamal då det igjen smalt på stamvegen mellom Oslo og Bergen. Første nyttårsdag kolliderte to bilar i 80-sona ved Stalheim i Voss kommune.

To vaksne og to barn fekk lettare skadar, medan to vart alvorleg skadd.

– Eg hugsar ikkje smellen. Men eg hugsar at eg vart bore inn i luftambulansen, fortalde Melinda Tefre (29) til NRK etter ulukka.

Ho braut eine leggen rett av i kollisjonen.

Trafikkulykke E16 Stalheim

ALVORLEG SKADD: To personar vart alvorleg skadd på første nyttårsdag då bilane dei sat i kolliderte på E16 ved Stalheim.

Foto: Arne Hofseth

49 menneske skadde eller drepne

Seinast denne veka gjekk det gale ved Stalheim igjen, då ein lastebil og ein ekspressbuss kolliderte måndag. Alle dei involverte slapp med skrekken.

E16 ved Stalheim, nokre kilometer vest for den frykta Gudvangatunnelen, held ikkje lenger europavegstandard.

Den dystre statistikken syner at 44 menneske er blitt skadde i trafikkulukker mellom Stalheimskrysset og Gudvangatunnelen dei siste 15 åra. På same tid har fem personar mista livet på denne delen av E16.

Sjefingeniør Kjell Kvåle i Statens vegvesen vil ha på plass ein ny tunnel ved fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Me har planar om å bygge ny E16 i Nærøydalen. Det er både på grunn av ulukkessituasjonen og ikkje minst skredfaren i området, seier Kvåle til NRK.

E16 ved Stalheim

Planlegg lang tunnel

Spesielt ved Hylland i Nærøydalen har det gått fleire skred dei siste åra, både med snø og stein.

I første omgang ligg det inne midlar til skredsikring i Nærøydalen i Nasjonal transportplan for 2014–23. Dei svært bratte og svingete tunnelane ned frå Stalheim tilfredsstiller heller ikkje krava i Tunnelsikkerhetsforskrifta.

– Geometrien på vegen er ikkje veldig god, noko som kan medføra ulukker. Og tunnelane er bratte og tronge, forklarer Kvåle om kvifor strekningen er så ulukkesutsett.

Vegvesenet har difor planlagd ein lenger tunnel mellom Hylland i Nærøydalen og Fyre ved Stalheim (sjå kart nederst). Den vil bli kring sju kilometer lang og få ein prislapp på over milliarden.

Ras i Nærøydalen

RAS: E16 gjennom Nærøydalen er svært rasutsett. Her er det ikkje mykje att av europavegen etter eit stort skred i 2014.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Får snarleg svar på byggestart

Europavegen slik den står i dag var klar til bruk i 1980, og erstatta den kronglete og verdskjende Stalheimskleiva.

I slutten av februar får Vegvesenet svar på kva vegprosjekt som vil få byggestart i neste NTP-periode, som er frå 2018–23.

Snart får ein altså svar på når ein kan køyra gjennom ein ny tunnel ved Stalheim.

Ny tunnel på E16 ved Stalheim - kart

NY TUNNEL: Den raude stipla streken syner tunnelen Vegvesenet ynskjer å bygga på E16 ved Stalheim. Den er forlenga noko i forhold til tidlegare utkast, for å få ein gunstigare og betre stigning opp frå Nærøydalen.

Foto: Statens vegvesen