NRK Meny
Normal

Bustadlause rumenarar får ikkje dusje

To små toalett er alt akuttovernattinga til Kirkens Bymisjon i Bergen kan tilby sine 30 daglege brukarar. – Uverdig, innrømmer sosialbyråden.

Kirkens bymisjon

INGEN DUSJ: Kirkens Bymisjon i Bergen tar i mot tilreisande som treng ein plass å sova. Men sanitærforholda er ikkje tilfredsstillande.

Foto: SIRI LØKEN / NRK

Kvar kveld kjem for tida om lag 30 rumenarar til Kirkens Bymisjon si akuttovernatting i Bergen for å sova. Dei er tiggarar, flaskesamlarar og arbeidssøkande.

– Det er lang kø både morgon og kveld av folk som prøver å vaska seg så godt dei kan på badet, men det er vanskeleg, seier Sebastian Schwalback som jobbar på akuttovernattinga.

Dei to små toaletta blir også brukt til enkel klesvask for dei som overnattar der.

Sebastian Schwalbach

TRENG BETRE TILBOD: Sebastian Schwalbach arbeider i Kirkens Bymisjon i Bergen. Han er klart på at eit dusj-tilbod i alle høgste grad trengst i byen.

Foto: SIRI LØKEN / NRK

– Ikkje godt nok

Tilbodet som blir gitt til tiggarane er ikkje Bergen verdig, meiner sosialbyråden i Bergen.

– Ein by bør målast på korleis me tar hand om dei svakaste. For meg handlar dette om grunnleggande verdigheit, seier byråd Erlend Horn.

Han ønsker å kunna tilby eit skikkeleg sanitærtilbod til gruppa.

– Me jobbar både med å finna finansiering til det, men ikkje minst lokalisering. Det må ha ei god plassering i sentrum ein stad.

– Sentralbad-løysinga vart veldig akutt

Det vakte stor oppsikt for tre år sidan då tidlegare byråd Lisbeth Iversen (KrF) ville gje fattige tilreisande moglegheit til å dusja i Sentralbadet.

Bråket enda med at Iversen gjekk av som byråd, og at det ikkje vart noko dusj-tilbod.

– Det som blei problemet i førre runde var at det vart veldig akutt. Me måtte anten ta det i Sentralbadet eller i Strax-huset. Eg er veldig opptatt av at me må finna noko som ikkje vert oppfatta som ei panikkløysing. Difor tek dette meir tid enn eg skulle ønska, seier Horn.

Erlend Horn

VIL TILBY DUSJ: Byråd for sosial- bustad og utvikling, Erlend Horn, meiner at byen Bergen ikkje kan akseptera dei forholda som fattige tilreisande må leva under.

Foto: Pressefoto

– Må få betre hygieneforhold

Rumenarar NRK snakkar med på Kirkens Bymisjon ønsker ikkje å klaga på tilbodet.

Men Sebastian Schwalback ved akuttmottaket seier at betre sanitærforhold er sårt etterlengta, og trur ikkje at det vil føra til at fleire tiggarar finn vegen til Bergen.

– Eit dusjtilbod er det som trengst her i byen. Helse og hygiene må på plass for denne gruppa, og jo tidlegare jo betre.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Norge nå er et direktesendt show fra hele landet.
Programleiar: Jan Børge Leirvik