Hopp til innhold

Sjå bileta frå årets lysfest i Bergen

– Det er ein fantastisk tradisjon Bergen har laga, seier statsminister Erna Solberg.

Lysfest i Bergen

FYRVERKERI: Under lysfesten blei det sendt opp fyrverkeri ved Lille Lungegårsvann i Bergen sentrum.

I kveld blei lysa på juletreet i Lille Lungegårsvann tent, under den tradisjonelle Lysfesten på Festplassen.

Statsminister Erna Solberg heldt opningstalen, før julelysa blei tente.

– Det er ein fantastisk tradisjon Bergen har laga. Ein står saman, synge julesongane, og får kjenne på samhaldet og forventningane mot advent og julefeiringa, seier Solberg.

Arna Soul Children og Team Sulebakk, Voksne Herrers Orkester, Datarock og årets MGP-junior-vinnar Mathea-Mari Glittenberg, var også på plass på Festplassen for å markere at adventstida no er i gong.

Stengde av gate under lysfesten

Under årets lysfest var det så mykje menneske i Bergen sentrum at politiet måtte stenge Kaigaten, der bybanen og mange av bussane går.

Då NRK snakka med Vegtrafikksentralen kvar på fire i ettermiddag sa trafikkoperatør Stian Rosnes at det var lange køar inn til sentrum frå alle retningar.

– Det er kø frå Danmarksplass, Løvstakkstunnelen, Damsgårdtunnelen og over Puddefjordsbroen. Køen står gjennom heile Fløyfjellstunnelen. Kor lenge det tek før det løyser seg opp er umogleg å seie.