Hopp til innhold

Her stemmer dei fram ny sjef kvar månad

Kafeen Tre brør på Voss blir driven med ein noko uvanleg leiarstruktur. – Eg trur det er veldig effektivt at den som skal utføre jobben, i stor grad tek avgjerslene, seier eigar Bjørn Helge Bruborg.

I morgon kan du sjå Migrapolis-reportasjen frå kafèen Tre Brør på Voss på nrk.no. Her får du ein smakebit.

TRE BRØR, VOSS: Skilnadar i kultur på arbeidsplassen og i forretningslivet skapar utfordringar for utlendingar i Noreg, I Migrapolis programmet møter ein personar som taklar det på kvar sin måte. Her kan du sjå deler av reportasjen, då Migrapolis besøkte kafeen Tre brør på Voss. Heile programmet blir sendt på NRK1 i kveld 22.30.

På kafeen Tre brør på Voss styrer dei etter ein leiarstruktur uvant for mange, og meir demokratisk enn på dei fleste arbeidsplassar.

– Me stemmer på kven som skal vere leiaren i ein månad av gongen. Akkurat no er det Kristoffer. Viss me ikkje er fornøgde med å ha han som leiar, kan me stemme på ein ny ved neste val, fortel ein av dei tilsette, Lucie Sediva.

Lucie Sediva

PÅ TRE BRØR: Lucie Sediva er tilsett på kafeen Tre brør på Voss. Ho meiner at å velje ein ny leiar kvar månad fungere godt.

Foto: NRK

Migrapolis har undersøkt korleis kulturforskjellar på arbeidsplassar i Noreg skapar utfordringar for utlendingar i Noreg. På Tre brør fann dei ein flat struktur, som kan vere krevjande å tilpasse seg etter, for folk vande med ein hierarkisk organisert arbeidsplass.

På Vestlandsrevyen klokka 18.45 kan du sjå eit innslag frå Tre brør på Voss. Heile Migrapolis-reportasjen kan du sjå klokka 22.30 i kveld på NRK1.

– Meir effektivt med flat struktur

Eigar Bjørn Helge Bruborg innført leiarstrukturen på Tre Brør.

Bjørn Helge Bruborg

FLAT STRUKTUR: Eigar av Tre brør Bjørn Helge Bruborg, seier den flate strukturen dei køyrer på kafeen er uvan for folk frå andre land som er meir vande med ein hierarkisk struktur.

Foto: NRK

– Eg har stor tru på den flate strukturen. Det er ein veldig nordisk modell at ein ikkje har hierarki, og at ikkje andre bestemmer kva andre skal gjere. Eg trur det er veldig effektivt at den som skal utføre jobben, i stor grad tek avgjerslene, seier Bruborg.

Det kan vere vanskeleg for folk med andre kulturbakgrunnar å tilpasse seg ein slik arbeidsplass, seier han. Men Bruborg er overbevist over det er betre for bedrifta og dei tilsette at mange av avgjerslene ligg hos dei tilsette.

– Eg har ikkje noko ønske om å vere «boss»

Dei fleste tilsette på Tre brør på Voss er utlendingar. Slik er det også på Voss ølbryggeri som leverer øl til kafeen. Eigar Jeanette Lillås seier dei merkar godt at kulturen på arbeidsplassen skil seg frå kva ein del utlendingar er vande med.

Eg har ikkje noko ønske om å vere «boss». Eg vil heller jobbe saman.

Jeanette Lillås

– Me har hatt amerikanarar tilsett hos oss som er vande med at ein arbeidsplass er hierarkisk bygd opp. For dei er det vanleg at ein kanskje ikkje seier meininga si, men heller jattar litt med. Men eg har opplevd dei som veldig hardt arbeidande.

Noko uvant er det for Lillås å bli tiltalt som «boss».

– Det har eg vore litt ukomfortabel med. Eg har ikkje noko ønske om å vere «boss», ler ho. Eg vil heller jobbe saman.