Hopp til innhold

Her skulle alle ferjesamband bli elektriske - no er sju av dei forseinka

Meir trøbbel for den storstilte satsinga på elferjer i Hordaland. Sju ferjesamband vil ikkje vere klare til elektrisk drift ved årsskiftet.

Fergedåp E39 Halhjem-Sandvikvåg

IKKJE FYRSTE GONGEN: Ferjesambandet Halhjem-Våge er eit av sambanda som ikkje får elektrisk drift frå januar 2020. Biletet er frå dåpen til ferjene som no går Halhjem-Sandvikvåg, også desse var forseinka.

Foto: Mette Anthun / NRK

Hordaland fylke har vedteke at alle dei 17 fylkesvegferjene skal drivast elektrisk innan 2020.

Meirkostnaden med å drifte dei elektriske ferjene er for 2020 rekna til å bli 241 millionar kronar. I tillegg skal det investerast for over 600 millionar i kaianlegg og ladestasjonar.

Men på sju av ferjestrekningane vil ferjene framleis gå på vanleg drivstoff når 1. januar kjem.

Seks av dei er nemd av prosjektleiar Rune Haugsdal i eit notat til politikarane i Vestland. Direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø, opplyser at endå eit samband har vorte forseinka etter notatet vart sendt.

Innanfor overgangsperioden

Årsaka til forseinkinga i overgangen til elektrisk drift er manglande ferdigstilling frå nettselskapa og manglande klargjering og montering av ladestruktur, ifølgje sakspapiret frå Haugsdal.

Retningslinene i kontrakten gjer at det ikkje vil bli miljøsanksjonar fyrste halvåret, men målet har likevel vore å ha alt på plass til starten av 2020.

NRK har vore i kontakt med prosjektleiar og komande fylkesrådmann Rune Haugsdal for kommentar, han viser til Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø.

Sønstabø seier at dei i kontrakten har lagt opp til ein overgangsperiode på seks månadar. I den perioden har operatøren lov å køyra utan eldrift.

– Akkurat desse forseinkingane ser me på som mindre forseinkingar, og dei vil heller ikkje påverka tilbodet til kunden.

Målfrid Vik Sønstabø

OVERGANGSPERIODE: Direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø, seier dei har ein overgangsperiode på seks månadar i kontrakten.

Foto: PRESSEBILDE / SKYSS

Sønstabø seier at alle sambanda vil ha eldrift i løpet av dei tre fyrste kvartala i 2020. Ho trur ikkje det er fare for ytterlegare forseinkingar.

Ho meiner overgangen til elektrisk drift er viktig.

– Det er viktig for å nå målet me har sett om å redusera utsleppa frå ferjetrafikken i fylket.

– Me er fyrst ute

Marthe Hammer (SV) er nestleiar i utval for samferdsel og mobilitet i nye Vestland, og i samferdsleutvalet i Hordaland Fylkeskommune.

Ho seier at Hordaland har vore fyrst ute med å gjennomføra strenge krav til nullutslepp. I 2015 ville eit samrøystes samferdsleutval fasa ut dieselferjene i fylket.

Marthe Hammer, SV

NYBROTSARBEID: Marthe Hammer (SV) meiner det viktigaste er at endringa vert gjennomført.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

– Me har gått opp løypa. Både med leverandørane for å få bygd desse ferjene, med nettselskapa og når det gjeld korleis ein skal ordna kaiane.

Ho meiner det viktigaste er at dei gjennomfører det.

– Om det berre er snakk om nokre månadar, så meiner eg det er innanfor når ein veit kva for ein jobb det er me gjer med å kutta klimagassutslepp.

Eksplosjon kan skapa forseinkingar

Det er førebels usikkert om eksplosjonen om bord ferja «Ytterøyingen», som skal trafikkere Fjeldbergsambandet, vil skape endå lengre forseinkingar, skriv prosjektleiar Rune Haugsdal i sakspapiret.

Kor lang tid det vil ta å bygge om denne ferja, er ikkje klart enno og Skyss ventar på resultatet frå undersøkingane av ferja.