Hopp til innhold

Her skapar dei norsk sjakkhistorie

OLSVIK (NRK): Éin sjakkmeister. 82 motstandarar. Det er ny norsk sjakkrekord.

Sjakkmester mot 82 skoleelever

SPELET I GANG: Joacim B. Nilsen mot 82 skuleelevar og lærarar.

Foto: Torstein Sørheim Bjørkås / NRK

– No ser det ganske dårleg ut. Han speler bra og tok nettopp ein hest frå meg. Eg skal sjå kor lenge eg kan halda ut, men eg slit no, seier skuleelev Aleksander Hovden Youseff.

Han er ein av 82 deltakarar som har utfordra den sjakktalentet Joachim B. Nilsen (23). Aldri før har éin person spela mot fleire motstandarar i simultansjakk.

Bergensaren Nilsen blei i haust såkalla «internasjonal meister» (IM), som er den nest høgste tittelen på internasjonal sjakknivå. Det fekk han etter tre svært gode prestasjonar i turneringar i 2016.

Denne veka fekk den ferske «IMen» prøva seg på ei anna utfordring: Over 80 ivrige skuleungdommar sat klar på rad og rekkje for å testa meisteren.

– Tidlegare har eg møtt mellom 20–30 personar samstundes. Eg er litt skremt over å møte så mange på ein gong, seier Nilsen.

Aleksander Hovden Youseff under simultansjakk i Bergen

EIN AV UTFORDRARANE I KONSENTRASJON: Aleksander Hovden Youseff.

Foto: Torstein Bjørkås / NRK

Hard kamp

I simultansjakk går spelaren frå bord til bord og gjer eitt trekk på kvart enkelt brett.

– Det er vanskeleg. Alle tankar du har han sikkert hatt før, seier Hovden Youseff til NRK.

Rekordforsøket blei gjort på Olsvikåsen vidaregåande skole i Bergen.

Sjølv om det handla mest om å ha det gøy, kjempa elevar og lærarar hardt for å setja Nilsen på prøve.

– No ser det ganske «lost» ut. Eg prøver å halda ut så lenge som mogleg, fortel ei lettare fortvila Hanne Aksle.

Simultansjakk rekordforsøk

SJAKK UTANOM DET VANLEGE: Noregshistorias største simultansjakkarrangement. Sjakkmeister Joachim B. Nilsen mot 82 elevar.

God stemning

Sjakkfeberen er stor i Norge fortida. Med Magnus Carlsen som inspirator er det mange som ynskjer å forsøke seg mot betre motstandardar ved brettet med 64 ruter.

– Du ser at folk har det gøy her i dag, seier Karl-Marthon Kjelland.

Han er lærar og initiativtakar bak arrangementet.

– Alle elevane er engasjerte og har sett fram til dette i fleire veker. Samstundes gjer sjakk eit godt miljø og fører til at elevane har noko å diskutere og som aktiviserer dei i friminutta.

Nedkjempa ein etter ein

Elevane prøver å utsette nederlaga så lenge som mogeleg, men til slutt har den internasjonale meisteren nedkjempa all motstand.

– Det var matt! Takk for kampen, seier Joachim B. Nilsen.

– Her er det mange potensielt gode spelarar. Dei bør melde seg inn i ein sjakk-klubb og få seg meir erfaring.