Hopp til innhold

Her skal ein ny Netflix-serie bli til

Strøymetenesta Netflix startar serieinnspeling i ein av Noregs minste kommunar. – Dette er utruleg stort, seier hotellinnehavar.

Mobryggja i Modalen, gule, røde og hvite bryggehus ligger langs sjøkanten.

På Mobryggja er alle dei 29 utleigeleiligheitane opptekne i seks veker når Netflix-serien skal spelast inn i Modalen i haust.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Vesle Modalen, med sine 380 innbyggjarar, kan bli internasjonal kjendis. Strøymetenesta Netflix satsar nemleg stort i Noregs nest minste kommune.

Netflix skal spele inn serien «Innocents» mellom dei høge fjella langs Mofjorden, og filmfølget frå Island, Storbritannia og Noreg har leigd alle dei 29 utleigeleiligheitane langs sjøkanten på Mobryggja.

Der skal dei vere i seks veker medan innspelinga av serien går føre seg.

Mykje er enno hemmeleg

Egill Kristjansson og kona Gudbjørg Vilhelmsdottir driv Mobryggja, og jublar over fullbookinga. Dei trur dette vil vere god reklame.

Egill Kristjansson og Gudbjørg Vilhelmsdottir.

Gudbjørg Vilhelmsdottir og ektemannen Egill Kristjansson som driv Mobryggja, veit meir enn dei kan seie om serien som skal spelast inn.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Det er utruleg stort. Det er stor interesse for Vestlandet i denne bransjen, og eg trur dette er bra for området, seier Vilhelmsdottir.

Dei to veit meir om serien enn dei vil ut med.

– Det er ein dramaserie, men meir enn det har me ikkje lov å seie, fortel Kristjansson.

– Dette kan opna dører

Hemmelegheiter er det fleire som ber på. Leiaren i Vestnorsk filmkommisjon, Sigmund Elias Holm, avslører berre at det blir åtte til ti episodar, og at den nok vil innehalde noko overnaturleg.

Morgan O’Sullivan (t.v.) og Sigmund Elias Holm

Leiar i Vestnorsk filmkommisjon, Sigmund Elias Holm, trur ein Netflix-serie frå Modalen vil så turistar til å komme på besøk.

Foto: Privat

Men kva ei slik innspeling betyr for filmmiljøet i vest, er han krystallklar på:

– Dette er nok det største internasjonale TV-prosjektet på Vestlandet nokosinne, seier Holm, til Avisa Hordaland.

Som leiar i Vestnorsk filmkommisjon arbeider han for å få fleire store filmproduksjonar til Vestlandet. Det har han med den nye Netflix-serien klart til gangs. Strøymetenesta har 100 millionar abonnentar i til saman 190 land i verda.

– Dette kan opna mange dører for Nordhordland og området kring Mo som destinasjon og som global merkevare. Me kan vel berre førestilla oss det neste steget med tanke på besøk av dei som vil sjå området der serien­ er teken opp. Og om alt går slik det skal og bør, ja så kan det verta fleire sesongar også seier Holm til lokalavisa.

Modølingar til Hollywood?

Ifølge Holm er det det urørte og trolske fjordlandskapet som har lokka innspelinga inst i Mofjorden. For å komme seg dit med båt må ein gjennom Mostraumen, ein passasje frå salt- til brakkvatn med kraftig straum. Det skal bli ein sentral stad for innspelinga, skal vi tru Holm.

Men kommunen er ikkje det einaste dei 100 millionar potensielle sjåarane skal få med seg, også modølingar sjølve skal få vera med som statistar og medhjelparar i serien.

Modalen