Hopp til innhold

Her sikrar meir enn halvparten av innvandrarane seg jobb

Nav-prosjekt gir håp til dei som har størst problem med å kome seg inn på arbeidsmarknaden.

Blessing og Flavia

GOD TRENING: Blessing Omoregie (t.v.) og Flavia Chishimba jobbar i Verdenskaféen. Her får dei høve til å snakke med folk og øve på språket, samstundes som dei får konkret arbeidserfaring å vise til.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Flavia Chishimba har kjent på det å gå heime utan å vite kvar ho skal vende seg og kven ho skal snakke med for å få seg jobb.

Ho kom til Noreg frå Zambia for ni år sidan.

– Det er kjedeleg å berre sitje heime og ikkje kjenne nokon, seier Chishimba.

Bygger nettverk

I øvre del av Nygårdsparken luktar det av ulike krydder. På menyen står det midtausteninspirert linsesuppe, tyrkisk nøttekake og etiopisk kaffi.

Verdenskaféen er ein del av Ny sjanse, eit Nav-prosjekt der innvandrarar får arbeidserfaring og språktrening.

Verdenskaféen

SOSIALT: Verdenskaféen har ope to dagar i veka, resten av veka jobbar dei tilsette på Kafé Mat og prat. Der jobbar dei berre på kjøkkenet, medan dei i Verdenskaféen får høve til å møte og snakke med kundane.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Chishimba er takksam for å ha fått ta del i Ny sjanse. Ho får høve til å byggje seg eit nettverk.

– På skulen lærer me mest å lese og skrive. Her får eg snakke med folk, seier ho.

Leiar i Ny sjanse, Hilde Eliassen seier at dei ynskjer å bygge sjølvtillit, motivasjon og tru på at det er mogleg å få jobb i Noreg.

Hilde Eliassen i Ny sjanse

HÅP: Leiar i Ny sjanse, Hilde Eliassen meiner det er viktig å skape håp hos deltakarane.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

I 2018 hadde dei 215 deltakarar i programmet, der 57 prosent av dei gjekk ut i jobb etterpå.

– Ikkje like bra som i 2017 då 73 prosent fekk jobb, men dette resultatet er også bra sett i forhold til kravet om høg kompetanse på arbeidsmarknaden, seier Eliassen.

Ifølgje Eliassen går også nokon av deltakarane vidare med utdanning.

– Tilsett fleire innvandrarar

Hausten 2018 var 5,9 prosent av innvandrarane arbeidslause. I heile befolkninga var arbeidsløysa 1,7 prosent, viser tal frå SSB.

Fungerande fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland seier at me er avhengige av arbeidskrafta til innvandrarar. Engasjementet til norske arbeidsgivarar varierer, meiner han.

– Dei kan bli meir opptekne av at ulikskap faktisk er bra for arbeidsmiljøet, seier han.

Bjarte Hysing-Olsen

VIKTIG: Bjarte Hysing-Olsen meiner at slike tiltak som verdenskaféen er viktige tiltak for vegen vidare inn på den norske jobbmarknaden.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Arbeidsgivarar som har erfaring med å tilsette innvandrarar, har utelukkande positive erfaringar, ifølgje Hysing-Olsen.

– Mange erfarer at dei utgjer god og solid arbeidskraft, og at dei påverkar arbeidsmiljøet positivt, seier han.

– Spør du nokon i Noreg om korleis dei fekk seg jobb, vil svaret veldig ofte vere at dei kjende nokon eller fekk eit tips. Nettverket er ein av dei viktigaste faktorane når ein søker jobb i Noreg, seier Hysing-Olsen.