Hopp til innhold

Her ryddar dei opp etter flaumen på dugnad

Både i Odda og Voss jobbar no frivillige for å rydde opp etter flaumen denne veka. – Folk kjem med trillebårer, lastebilar og hjullastarar. Dei stiller verkeleg opp, seier initiativtakaren til «Vossasjau».

Ryddesjau i Odda

RYDDESJAU: I dag ryddar både vossingar og oddingar opp etter flaumen på dugnad. Biletet er frå dugnaden i Odda.

Foto: Anne Gravdal

Vossasjau

VOSSASJAU: Her står nokre av dei frammøtte vossingane klare til å ta fatt på arbeidet med å rydde opp etter flaumen.

Foto: Bodil Reime Sørlie
Mykje driv med vatnet

VANGSVATNET: Under flaumen vaks Vangsvatnet og reiv med litt av kvart. I dag stiller vossingane på dugnad for å rydde opp langs vatnet.

Flaumen på Vestlandet denne veka har gjort store skader, særskild i kommunane Odda, Voss, Aurland og Lærdal. Vatnet har røska med seg hus, brote seg inn i kjellarar, og knust bruer og vegar.

SJÅ OGSÅ: Oversikt over skadane på Vestlandet

Kommunane har arbeida med å rydde opp heile helga, og i dag trør vossingane og oddingane til på dugnad for å bøte på skadane etter flaumen.

– Mange av husa her har fått omfattande skader. Bygda er litt i dvale, seier Bodil Reime Sørlie, ei av initiativtakarane til dugnaden «Vossasjau».

– Folk stiller verkeleg opp

279 personar har meldt seg på facebookarrangementet. I tillegg har sjauarane fått mange telefonar frå folk som seier dei kjem med spadar, trillebårer og kaker.

– Me byrjar inst i Prestegardsmoen der ein ikkje kjem til med maskiner, og ryddar vidare langs Vangsvatnet. No kjem det folk med trillebårer, lastebilar og hjullastarar og me har fått låne ein ATV gratis. Folk stiller verkeleg opp.

LES OGSÅ: Voss ungdomsskule stengt

«Ryddesjau» i Odda

Hjøllobrua

HJØLLOBRUA: I dag skal ryddar oddingane opp etter flaumen på dugnad.

Foto: Gunnar Moland / 03030-tipser

Odda/Ullensvang turlag inviterer også til «ryddesjau» etter storflaumen.

På facebookarrangementet oppmodar dei folk om å stille opp for å ta i eit tak:

«Vi synest Odda kommune har gjort og gjer ein flott jobb og ser dei har nok å stri med. Derfor oppmodar vi innbyggjarane som vil ta i eit tak om å møta opp på Odda Camping kl. 12.00 søndag 2. november.»

LES OGSÅ: Hjerteskjærande møte med flaumofra