NRK Meny
Normal

Her plukkar dei steinar ut av pingvinungens mage

Pingvinen måtte på operasjonsbordet etter å ha bomma litt på dietten. – Dette har vi aldri sett før, seier Akvariet i Bergen.

Pingvinungen med kirurgisk inngrep ved Akvariet i Bergen

INNGREP: Åtte steinar og ein del grus vart fjerna frå magen til den tre månadar gamle pingvinungen ved Akvariet i Bergen.

Foto: Akvariet i Bergen

– Det er sjeldan vi må gjera inngrep på dyra våre, men pingvinungen kunne ikkje gå rundt med mange steinar i magen, seier Joakim Ekeli ved Akvariet i Bergen.

Onsdag gjennomførte personalet på Akvariet eit mindre inngrep på den unge pingvinkyllingen. I magen fann dei åtte steinar og ein god del grus. Den største steinen var på kring 5–6 centimeter i diameter.

– Den har mellom anna forsynt seg av redesteinane. Vi er vande med at pingvinane får i seg mykje rart, til dømes har vi funne spiker i magen deira, men at dei et redesteinar har eg aldri sett før, forklarer Ekeli.

Tok pingvinungen på fersken

Han er ansvarleg for pingvinane på Akvariet i Bergen, og han var også den som fatta mistanke om at pingvinkyllingen ikkje åt det han skulle.

– Eg såg rett og slett at han forsynte seg, og eg prøvde å hoppa over dammen for å hindre at han svelgde den ned. Dessverre kom eg fram for seint.

Ekeli forklarar at steinar i magen ikkje er noko særleg å gå rundt med over lengre tid. Derfor måtte dei gjere det dei ikkje så ofte gjer ved Akvariet: Å leggja ein pingvin i narkose og gjennomføre eit inngrep der steinane vart henta ut.

– Vi brukte ein slags slange, og så ein håv for å få opp det uønskte i magen. I dag er han litt fornærma på meg, seier Ekeli og ler før han legg til at pingvinen har det bra etter forholda.

– Han et greitt, men vi må nok halde eit ekstra auge med han.

Pingvinkylling med åtte steinar i magen ved Akvariet i Bergen

NAMNLAUS: Den tre månadar gamle pingvinen er i grei form etter inngrepet. Men manglar framleis namn.

Foto: Akvariet i Bergen

Krevjande

Det er ikkje ukomplisert å leggja dyr i narkose, spesielt dyr som kan leva under vatn og halda pusten. Pingvinane på Akvariet i Bergen er av arten bøylepingvinar.

– Dei har ein anna blodtype og hjarterytme, så ein må vera ekstremt forsiktig med dosen.

Pingvinkyllingen er ikkje særleg gamal. Han vart klekka 27. juni, same kvelden som Island slo England i fotball-EM. Noko namn har pingvinungen ikkje fått enno, men Akvariet planlegg ein namnekonkurranse i løpet av hausten.

Dei har allereie fått mange forslag om at namnet bør bli «Steinar» ...

Siste video

.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.