Hopp til innhold

Her må dei på audition for å få sommarjobb på sjukeheim

BERGEN (NRK): Over 400 tenåringar søkte då kommunen lyste ut jobbane. 140 blei invitert på eit litt spesielt jobbintervju.

Ida Nyang mater Marte Padøy

ANNLEIS OPPLEVING: På ein av stasjonane under auditionen matar Marte Padøy og Ida Nyang kvarandre med ananas og agurk. – Korleis var det å mata ein framand person? – Det var annleis.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– De skal utføra handmassasje på kvarandre. Etter det skal me reflektera litt saman om kva dykk tenker om denne oppgåva.

Marie Størdal i Bergen kommune organiserer rekrutteringsdagen til Bergen kommune. Her skal årets sommarvikarar i kommunen sine sjukeheimar plukkast ut.

Då kommunen lyste ut dei 50 sommarjobbane i helsesektoren fekk dei enorm respons. Over 400 ungdommar mellom 15 og 18 år søkte.

140 av dei vart kalla inn til ein stor jobbaudition, med ingrediensar som å mata kvarandre og smørje henda til folk du aldri har møtt før.

Massasje på første møte

– Skal eg starta med å massera deg?

Trym Spjelkavik og Sara Rostrup blir ganske intime nokre minutt etter dei møtes for første gong.

– Det er veldig godt. Eg trur han har teken på det, seier Rostrup.

– Det eg har lært, er at ein skal massera både handflata og overdelen av handa, seier Spjelkavik.

Sara Rostrup smør henda til Trym Spjelkavik

HANDMASSASJE: Ei av oppgåvene under audition er å utføra handmassasje på kvarandre. Her smør Sara Rostrup henda til Trym Spjelkavik med handkrem.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Talentspeidar frå kommunen

Lisbeth Dale Sylta, avdelingssjukepleiar ved Løvåsen sjukeheim, går rundt på stasjonane og kikkar på ungdommane medan ho noterer.

På arket kryssar ho av på alternativa "ja", "nei" og "kanskje". Sylta er talentspeidar i dag, og skal sjå moglegheitene til kvar enkelt i gruppa.

– Eg ser blant anna etter korleis dei samhandlar med andre, at dei tør å snakka med kvarandre, og tør å sjå kvarandre inn i auga når dei samhandlar.

–​ Dei må tør å vera open og snakka, og å by på seg sjølv.

Lisbet Dale Sylta, avdelingssjukepleiar ved Løvåsen Sykehjem,

TALENTSPEIDAR: Avdelingssjukepleiar Lisbeth Dale Sylta er talentspeidar under rekrutteringsdagen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Me treng stadig fleire hender

Kommunen er på jakt etter 50 ufaglærte ungdommar til sommarjobbane.

Dei skal gå på topp av ordinær bemanning, og gjera hyggelege og sosiale oppgåver for pasientane, som å steika vaflar, lesa høgt, og ta dei med seg ut på tur.

– Det aller viktigaste er at dei eldre får ekstra hjelp og støtte, seier helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn, som er med og ser på den litt spesielle forma for jobbintervju.

– Forhåpentlegvis vil dei også bli motivert til å ønska seg ei karriere innanfor helse og omsorg, for me treng stadig fleire hender, seier Gåskjenn.