Hopp til innhold

Her må biskopen gjere som Martin Luther

BERGEN (NRK): I år er det 500 år sidan Martin Luther sin dramatiske protest. Men då jubileumsåret starta denne veka, svikta teknologien.


For 500 år sidan slo Martin Luther opp 95 teser på døra til slottskyrkja i Sachsen-Anhalt, som ein reaksjon på bruken av avlat. Dette vart byrjinga på reformasjonen. I år vert denne hendinga markert ved Johanneskirken, og i heile 2017 vil organisasjonar, institusjonar og folk flest få presentert sine teser. Her spikrar biskop Halvor Nordhaug opp den første, meir manuelt enn planlagt.

SLO STIFT: Biskopen festa sin eigen tese på døra i Johanneskirken, for å markere 500-årsjubileet til reformasjonen.

– Sidan teknologien sviktar blir det ikkje som me tenkte. Det blir som på Luther si tid, seier biskop i Bjørgvin, Haldor Nordhaug.

Utanfor Johanneskirken er han i ferd med å setje opp den første av dei mange folkelege tesane som skal prege bybildet i Bergen dette året.

Bergen vert rekna som den første lutherske byen i Noreg, og står sentralt i det som er ei stor europeisk markering av jubileumsåret.

I det høve skal bergensarane sine eigne tesar, eller synspunkt, presenterast på veggen til den største kyrkja i byen.

Teknologien svikta

Markeringa er ein del av ei større rørsle som går føre seg over heile Europa det komande året. Bergen er Noreg sin representant i nettverket av 68 byar i Europa.

Onsdag kveld skulle den første tesen synast fram ved å vise fram nykomponerte tesar ved hjelp av teknologi frå det 21. hundreår. Men i kulden på Nygårdshøyden sa den digitale projektoren takk for seg.

Då tok biskopen nevane fatt og slo opp den fyrste tesen på kyrkjedøra med teiknestiftar.

Johanneskirken med skjerm

DEI GAMLE ER FRAMLEIS ELDST: Skjermen på kyrkja skulle vise tekst tesar frå den moderne tidsalder, men teknologien svikta.

Foto: Mette Anthun/NRK

Måtte betala for syndstilgjeving

31. oktober 1517 markerer hendinga som bana veg for reformasjonen i Nord- og Vest-Europa.

Då slo Martin Luther opp 95 tesar på døra til slottskyrkja i Wittenberg i den tyske delstaden Sachsen-Anhalt, i protest mot avlatshandelen; eit omfattande finanssystem kor pavekyrkja sikra seg enorme inntekter ved at menneske måtte betala for syndstilgjeving.

Den første tesen på Johanneskirken hadde biskopen sjølv forfatta:

Det du får er viktigare enn det du får til!

Biskop Halvor Nordhaug
Biskop Halvor Nordhaug

MARKERINGSKLAR: Biskopen i Bjørgvin vil feire reformasjonen i Noreg i år.

Foto: Mette Anthun/NKR

Kvar veke framover skal folk eller organisasjonar få presentere sin tese.

– Poenget er å følgja opp det Luther gjorde. Han slo opp tesar om det som engasjerte han. Det er mykje som engasjerer folk i dag. Dei som brenner for viktige og gode saker skal få lov å setja fram ein tese på kyrkjeveggen.

Prosjektet heiter «Tesar i tiden» og vil prega jubileumsåret.

Uromeldingar om lutherdom

Tesane skulle endra Europa. Sjølv ville teologen Luther få slutt på avlat, men resultatet blei så mykje meir dramatisk – også i Noreg.

– Me har vel kjelder som seier at det kom uromeldingar til erkebiskopen i Trondheim midt på 1520-talet om at lutherdomen hadde spreidd seg blant hanseatane på Bryggen i Bergen. Blant hanseatane, som i stor grad var tyske, var det støtte for Luther allereie før reformasjonen kom, fortel biskopen.

Nordhaug tok nevane fatt, som Luther sjølv, og festa sin eigen tese på døra til den raude kyrkja:

Det du får er viktigare enn det du får til!

Biskop Halvor Nordhaug
Biskopen sin tese

FOR HAND: Biskopen var den første til å skrive tese og henge den på kyrkjedøra.

Foto: Mette Anthun/NRK