Hopp til innhold

Ambulansepersonell slår alarm i sommaridyll: – I verste fall kan liv gå tapt

Ambulansearbeidar i Austevoll reagerer på at folk legg ut krabbeteiner i farvatnet til ambulansebåten. – Det kan få fatale følgjer for dei som treng hjelp, seier Tor Kenneth Aase.

Krabbeteiner Austevoll montasje

TETT I TETT: Slike krabbeteiner låg på rad og rekkje fredag ettermiddag. Brannsjefen varslar opprydding dersom ingen hentar dei laurdag.

Foto: Tor Kenneth Aase / Montasje

Øykommunen Austevoll i Hordaland består av 667 øyar og holmar, og manglar samband til fastlandet. Når uhellet er ute, er ambulansebåt ofte det raskaste – og einaste – framkomstmiddelet innbyggjarane har til næraste sjukehus.

Difor reagerte ambulansearbeidar Tor Kenneth Aase då han fredag oppdaga krabbeteiner på rad og rekkje i sundet utanfor ambulansestasjonen i kommunesenteret Storebø.

Farvatnet mellom Storholmen og Kjeholmen er midt i leia som ambulansebåtmannskapet nyttar ved utrykking sørover i kommunen.

– Kvart sekund som går kan vera skilnaden mellom liv og død for den det gjeld. Då er det urovekkande at folk ikkje tenker seg om før dei legg ut teiner, seier ambulansearbeidaren.

Ambulansebåten Rygervakt i Austevoll

RYGERVAKT: Ambulansebåten Rygervakt er den einaste ambulansebåten i Helse Bergen sitt dekningsområde. Berre i Austevoll kommune er det 667 øyar og holmar den potensielt må nå ut til.

Foto: Hanne Mæland Strand

Åtvarar om konsekvensen

Fredag publiserte han eit innlegg i Facebook-gruppa Kvardagsprat i Austevoll, der han åtvara mot det han kallar «lite gjennomtenkte» plasseringar av krabbeteiner.

Han er glad dei oppdaga teinene i dagslys og medan dei var i ferd med å kjøpa inn medisinar og utstyr til båten.

– Hadde det vore mørkt og me var på veg til eit oppdrag, kunne det ha blitt skjebnesvangert å fått ei teine og tauverket i propellen. I verste fall kunne liv ha gått tapt på grunn av det som kan verka som ein bagatell.

– Hyttefolk og andre med lite erfaring

Regelverket gir ingen generelle avgrensingar for kor det er lov å plassera ut krabbeteiner.

Men fiskeridirektoratet har slått fast at alle teiner skal vera tydeleg merka med eigars namn og adresse. På denne teina var namnet knapt synleg.

– Me heiv teina på land og tok ut fire krabbar. Vår oppfatning er at yrkesfiskarar og erfarne hobbyfiskarar veit kor det er uheldig å leggja ut teiner, seier Aase, som også har flytta teiner som ligg få meter frå ambulansebåten.

– Om sommaren er det nok fleire hyttefolk og andre med mindre erfaring som ikkje tenker seg om.

Krabbeteiner i leia til ambulansebåten i Austevoll

LANG, LANG REKKE: Farvatnet mellom Storholmen og Kjeholmen i hamna i kommunesenteret var nesten ugjennomtrengeleg for ambulansebåten fredag.

Foto: Tor Kenneth Aase

Brannsjefen peikar på leppefisken

Det stadfestar brannsjef i Austevoll, Hans Petter Bjånesøy.

Det er kommunen som har tilsynsansvaret i hamneområdet. Han kjenner til hendinga fredag, og har gitt ambulansestasjonen grei beskjed om å fjerna teiner som ligg i vegen. Regelverket gir ingen generelle avgrensingar for kor det er lov å plassera ut krabbeteiner.

Dei resterande teinene i sundet vil bli fjerna laurdag dersom dei ikkje er henta.

– Dette ser me to-tre helger i sommarmånadene, når folk legg ut krabbeteiner i leia. I tillegg ser me det spesielt i samband med leppefiskfisket (ekstern lenkje), som starta 17. juli. Då blir det veldig mange teiner i sjøen.

Også han meiner folk må innsjå alvoret. Det bur om lag 2.500 på Huftarøy, medan i underkant av tusen austevollingar held til på øya Selbjørn. Deretter fordeler dei resterande 2.500 innbyggarane seg på dei mindre øyane i kommunen.

– I ein øykommune som Austevoll, som er så avhengig av ambulansebåten, kan det heilt klart bety skilnaden mellom liv og død dersom båten blir sett ut av spel.

Det er ikkje første gonge teiner skapar trøbbel for sjøtrafikken i Austevoll. I fjor måtte ferja MF Gloppen i dokk etter eit møte med ei teine. Meir enn 50–70 meter tauverk kom inn i propellen, skreiv Midtsiden i oktober i fjor.

Austevoll