Hopp til innhold

Same dag blir same stein køyrd att og fram langs skulevegen

HORDNES (NRK): Fullasta lastebilar med stein må køyra gjennom skuleområde på grunn av offentlege anbodsreglar. – Totalt meiningslaust, tordnar naboar.

Fullastede lastebiler med stein må kjøre gjennom skoleområde på grunn av offentlige anbudsregler. – Totalt meningsløst, tordner naboer.

TETT TRAFIKK: Kvar dag køyrer opp mot 300 lastebilar fullasta med stein til steindeponiet i Hordnesskogen i Bergen. Mange av steinlastane blir køyrt ut att med det same dei er køyrt inn.

– Det går minutt eller sekund før dei kjem tilbake same veg. Det er totalt meiningslaust, seier Ernst Nygaard i Hordnes Vel.

Han er forbanna på grunn av arbeidet med tunnelen på ny E39 mellom Rådal i Bergen og nabokommunen Os.

Det har i fleire år skapt stor anleggstrafikk på Hordnes i Fana i Bergen, eit område med fleire skular, turområde og idrettsanlegg. Bebuarane i området protesterte i fjor mot tungtransporten.

Dagleg blir det lossa cirka 300 lastebil-lass med steinmassar på det 120 mål store deponiområdet.

No reagerer naboane på at det kvar dag går hundrevis av lastebilar inn og ut av steindeponiet. Mange av dei køyrer den same steinen inn og ut av området same dag, av og til med berre korte stans inne på deponiområdet.

Årsaka? Norske offentlege reglar om anbod.

Steindeponi

Når etat møter fylkeskommune

Steinen skal til Store Lungegårdsvann i Bergen sentrum, der den skal brukast til utfylling for bygging av ny bybanetrasé til Fyllingsdalen.

I staden vert skytteltrafikken ei leksjon i offentleg administrasjon:

Først hentar Statens vegvesen stein ut frå tunnelane som dei har ansvar for. Dei køyrer dei enorme mengdene forbi skular og idrettsanlegg og til steindeponiet i Hordnesskogen, ei strekning på 2,4 kilometer kvar veg.

Ernst Nygaard i Hordnes Vel

FORTVILA: Ernst Nygaard i Hordnes Vel meiner at det er uakseptabelt at tungtrafikk køyrer gjennom Hordnes for berre å snu i døra.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Når den same steinen blir sendt ut frå deponiet den same dagen, får han ny eigar; då tar det fylkeskommunale selskapet Bybane Utbygging over steinen.

Dette meiner vegvesenet er den einaste måten for å unngå kluss med regelverk og i rekneskap. Hordnesskogen er vald som felles losse- og hentepunkt.

– Me må alltid innom Hordnesskogen, slik at me ikkje blir lurt med kven som betalar for kva. Det er den einaste ryddige måten med omsyn til regelverket for offentlege innkjøp, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.

Steindeponi i Hordnesskogen

STEIN: Bybanen tek imot 100-200 bilar med stein om dagen. Alle går gjennom steindeponiet i Hordnesskogen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Mogleg det er litt «molbo»

Det forargar bebuarane langs den sterkt trafikkerte vegen.

– Eg begynner å lura på om desse kontraktane er viktigare enn menneska som bur her. Vegvesenet har eit samfunnsansvar, seier Nygaard.

Problemet er ifølgje Vegvesenet at det er vanskeleg å få tilbod og etterspurnad etter stein til å gå opp. Difor hender det at den same lastebilen køyrer eins ærend inn i deponiet, snur på området og køyrer ut att.

– Eg har høyrt om tilfelle at dei snur i porten, ja. Det vil kunna skje, seier prosjektleiar Ottesen.

– Kva tenkjer du om det?

– Det er mogleg det er litt «molbo». Men eg trur det hadde blitt bortimot umogleg å gjera dette på ein annan måte.

Sverre Ottesen, Statens Vegvesen

PROSJEKTLEIAR: Sverre Ottesen i Statens vegvesen forklarer at årsaka til at bilane køyrer att og fram er eit logistisk svar på reglar for offentlege innkjøp.

Foto: Torstein Sørheim Bjørkås/NRK

– Må følgja kontrakten

Transportselskapet Aurstad har vunne begge anboda – både å henta stein ut av vegvesenet sine tunnelar og levera stein til bybanetrasé. Aurstad viser til oppdragsgjevar Vegvesenet for kommentarar.

Ifølgje prosjektleiar Ottesen tek Bybanen imot 100-200 bilar med stein for dagen.

– Nokon av dei kunne me ha køyrt direkte, men nøyaktig kor mange, har me ikkje rekna på.

Steindeponiet i Hordnesskogen

OMVEG: Turen innom Hordnesskogen vert ein omveg på 2,4 kilometer kvar veg for lasten som eigentleg skal til Bergen sentrum.

Foto: Leif Rune Løland / NRK