NRK Meny
Normal

Her kjører Bybanen inn på Flesland

Historisk augneblink på Bergen lufthamn, Flesland i dag.

I dag køyrde ei bybanevogn heilt til Flesland og den nye flyplassterminalen for første gong. I august i år blir Bybanen forlenga til Birkelandsskiftet, men då med busstransport vidare til flyplassen.

SJÅ VIDEO: Bybanen på plass ved den nye terminalen på Flesland for første gong. Video: Stian Sørum Røkenes/NRK.

I dag køyrde ei bybanevogn heilt til Flesland og den nye flyplassterminalen for første gong. I august i år blir Bybanen forlenga til Birkelandsskiftet, men då med busstransport vidare til flyplassen.

Først om eit års tid blir endestasjonen på flyplassen teken i bruk. Den splitter nye flyplassterminalen skal etter planen opna i august 2017. Det nye bygget er dimensjonert for å ta imot 7,5 millionar reisande i året og er tre gonger så stort som dagens terminalbygg.

Flyplassjef Aslak Sverdrup var i dag strålande fornøgd over å sjå bybanevogna kome inn til endestasjonen.

– Det er fantastisk å sjå! Bybanen til Flesland vil gjera det enkelt for folk å reisa, samt at det vil bidra til å få auka kollektivbruken til og frå flyplassen. Så vi er veldig nøgd med det som skjer her i dag.

Det vil ta kring 43 minutt frå Byparken til Flesland når den nye traseen står klar til bruk. Bybanen må innom 27 stopp på vegen.

Sjå dagens historiske augneblink i videoen øvst i saka!

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen