Hopp til innhold

Her kjem den første olja frå Noregs nye gigantfelt

MONGSTAD (NRK): På det meste skal 660.000 fat olje gjennom røyrene kvar dag. I dag tok oljeminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) imot den første olja frå Johan Sverdrup-feltet.

Freiberg Sverdrup Mongstad

FØRSTE OLJE: Oljeminister Kjell-Børge Freiberg med den første olja frå Johan Sverdrup.

Foto: Marit Hommedal / NTB Scanpix

Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen starta produksjonen 5. oktober. For oljenæringa er opninga ein milepæl. Feltet er det tredje største på norsk sokkel, eit så stort felt at få hadde trudd at det var mogeleg å finne.

Måndag kom den første olja fram til Mongstad i Nordhordland. Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) fekk sjølv tappe den første leveransen.

– Det er heilt fantastisk. Dette er ein merkedag. Feltet kjem til å produsere i 50 år og bety så mykje for mange menneske, seier Freiberg til NRK.

Feltet ligg 160 kilometer vest av Stavanger. Gassen blir sendt til Kårstø i Rogaland, medan olja blir transportert 283 kilometer til Mongstad.

Her har Equinor og partnarane bygga ein tunnel frå land og 780 meter ut i fjorden. På 300 meters djupne er røyrene frå feltet kopla på.

Kjell Børge Freiberg med Johan Sverdrup-olje på Mongstad

MINISTER: Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg tok turen til Mongstad for den første olja frå Johan Sverdrup.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

900 milliardar kroner

I arbeidet med Johan Sverdrup har Equinor og partnarane fått CO₂-utsleppet ned til 700 gram per fat. Snittet på norsk sokkel er rundt sju kilo per produserte fat, ifølgje bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass.

Sjølv om mesteparten av utslepp frå olje kjem når den blir brukt, og ikkje produsert, kallar Freiberg det nye feltet industri for framtida.

– I dag har vi all grunn til å vere stolte. Johan Sverdrup-olja har eit utslepp på 700 gram per produserte fat. Snittet for utslepp i verda er 17 kilo. Dette er den norske måten å gjere det på. Vi er gode i dag og skal bli endå betre i framtida, seier Freiberg.

Totalt er det venta at staten skal få inntekter på 900 milliardar kroner i løpet av levetida.

– Det er utruleg spennande å starte Sverdrup. Vi produserer med straum frå land og ein tilnærma utsleppsfri produksjon, seier Equinors prosjektdirektør for feltet, Trond Bokn.

Rørledning fra Johan Sverdrup-feltet på Mongstad

MILLIARDHOL: Gjennom denne tunnelen kjem olja frå Johan Sverdrup-feltet opp på Mongstad.

Foto: Christian Lura / NRK

Kutta kostnadar

Når produksjonen på Johan Sverdrup kjem på sitt toppnivå, vil feltet produsere 660.000 fat olje kvar dag.

Med dagens oljepris betyr det at olje verdt 350 millionar kroner vil strøyme inn til Mongstad dagleg.

Etter funnet blei gjort i 2010, har mykje skjedd i oljeindustrien. I 2014 låg oljeprisen på 115 dollar fatet, før den raste fullstendig. I 2016 kosta eit fat nordsjøolje under 30 dollar.

Samstundes skulle Equinor, dåverande Statoil, sette Johan Sverdrup ut i live. Då produksjonsplanen kom i 2015, skulle utbygginga vere lønsam viss dei kunne selje olje for 32 dollar fatet eller meir.

Fire år etter skal Sverdrup vere lønsamt med ein oljepris på 15 dollar. Ifølgje statsbudsjettet er investeringskostnaden kutta med 31,4 milliardar kroner.