Hopp til innhold

Her kan elektriske ferjer kutta 66 avgangar i veka

TYSNES (NRK): Storsatsinga på ferjer som må ladast kan visa seg å bli dårleg nytt for pendlarar og passasjerar.

Folgefonn ferge

SKAL BYTAST UT: Ferja MF Folgefonn på ferjesambandet Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes står i fare for å bli byta ut med elferje. Men det kan føra til færre avgangar.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Dieselferjer er ein miljøversting når det gjeld klimagassutslepp. Difor har politikarane i ferjefylket Hordaland lagt ein ambisiøs plan for å byta ut den aldrande ferjeflåten.

Målet er å satsa på elektriske ferjer eller hybridferjer på dei fleste strekningane i fylket.

Legg opp til 66 færre avgangar

Skyss har laga ein alternativ rutetabell for ferjesambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes i anbodsgrunnlaget for miljøferjene. Her er det lagt opp til 66 færre avgangar i veka ved innfasing av ei heilektrisk batteriferje på sambandet.

– Det går ikkje an. Då blir det eventuelt flytting, seier Elin Anita Erstad.

Tysnesværingen dagpendlar til jobben i Fitjar kraftlag. I 13 år har ho pendla på sambandet mellom Tysnes til Stord.

– Eg brukar over ti timar kvar veke på å flytta meg mellom heim og arbeid. Viss det skal bli endå meir må eg jo ta nokre vurderingar i lag med familien for å finna ut kva eg vil gjera, seier Erstad.

Elin Anita Erstad

FORTVILA PENDLAR: Elin Anita Erstad jobbar i Fitjar og pendlar dagleg. Ho vurderer å flytta frå Tysnes viss innføringa av elektrisk ferje på sambandet fører til 66 færre avgangar i veka.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Tenkjer berre miljø, ikkje på distrikta

Fylkeskommunen har sett krav om utsleppskutt på minst 55 prosent for dei 17 ferjestrekningane i fylket.

Dei sju første blei i oktober i fjor tildelt selskapet Fjord 1. Snart blir det klart kven som tek over ferjesambandet Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes.

Ordførar Kåre Martin Kleppe

GLØYMER DISTRIKTA: Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H) meiner fylkespolitikarane har gløymt kor avhengig distrikta er av hyppig ferjetransport.

Grunnen til nedjusteringa er at elektriske ferjer treng lenger liggetid ved kai for lading.

Fylkespolitikarane har tenkt for lite på konsekvensane av det, meiner Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H).

– Eg har full forståing for ei miljøsatsinga. Men når dei ikkje legg inn krav om at rutetilbodet i kommunane skal halda fram, så har dei faktisk berre tenkt miljø og ikkje på det som er våre transportmoglegheiter i distrikta.

Kleppe meiner fylkestinget burde ha vedteke ein miljøpakke som set krav om at rutetilbodet skal halda fram som i dag.

– Då hadde ein pressa på for miljøvenlege løysingar, men samstundes ikkje opna for at transportmoglegheitene i distrikta blir dårlegare, seier Kleppe.

Førstekandidat for KrF i Hordaland Pål Kårbø

LOVAR STØTTE: Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) trur den alternative rutetabellen «berre er ei skisse».

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fylkesvaraordføraren: – Ei skisse

Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) lovar at rutetilbodet skal fungera viss det blir sett inn elektrisk ferje i sambandet.

– Eg oppfattar den alternative rutetabellen som «skisser». Me bør ikkje engsta oss for mykje ut frå innhaldet i desse. Skyss seier at dei ikkje kjenner seg att i den skildringa. Eg skal slåst saman med tysnesværingane og andre viss tilbodet vert for dårleg.

For Erstad er løysinga enkel: Dei miljøvenlege alternative må vika til dei er stabile nok til å følgja i dieselferjene sine bølgjer.

– Dei må ikkje setja inn ferje med ny teknologi før teknologien er god nok til at me kan ha den same frekvensen på ferjeavgangane i dag, meiner ho.

Jektavik ferjekai

JEKTEVIK: Ferjekaien på Stord-sida av sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes.

Foto: Marte Rommetveit / NRK